Kva er SFO?

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod til elevar før og etter skuletid, og i nokre av skuleferiane.

Kven kan gå på SFO?

Tilbodet gjeld alle elevar på 1. - 4. klassetrinn, og for barn med særskilte behov på 5.- 7. klassetrinn.

Kva gjer elevane på SFO?

  • SFO skal gi elevane høve til leik, kultur- og fritidsaktivitetar utanom skuletida.
  • SFO skal utvikle barna sitt erfaringsgrunnlag, og dugleik og kunnskap på område som ikkje er med i den ordinære undervisninga ved skulen.  
  • Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn.
  • Barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår.
  • Inne- og uteareal skal vere eigna. 

Rammeplan for SFO

Den nasjonale rammeplanen for SFO er ei forskrift til opplæringslova. 

Rammeplan for SFO (udir.no)

Film: Hva er rammeplanen for SFO? (udir.no)

Lov og forskrift

 Opplæringslova §4-5 skolefritidsordning

Forskrift om skulefritidsordning (SFO) for kommunal grunnskule i Haram

Pris

Sjå oversikt over gjeldande SFO-prisar