Ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein SFO-plass. Inntektsgrensene fordeler seg slik:
- 5 dagar i veka kr 709 683,-
- 4 dagar i veka kr 603 167,-
- 3 dagar i veka kr 496 833,-
Sjølv om du har fråtrekk for gratis SFO (1., 2., og 3. trinn), har du rett på redusert foreldrebetaling om du er innanfor inntektsgrensa til plassen barnet ditt har.
Dette må du vite før du søker
- Føresett som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet.
- Du må søke om redusert foreldrebetaling til kommunen du er folkeregistrert i, sjølv om barnet går i SFO i ein annan kommune.
- Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld for inntil eitt SFO-år om gongen. Ein må difor søke på nytt for kvart SFO-år.
- Søknadar levert innan 1. august gjeld for heile SFO-året, med mindre det framgår noko anna av vedtaket.
- Du kan søke heile året. Vedtaket vil då gjelde frå første heile månad etter søknadstidspunket. Vedtaket har ikkje tilbakeverkande kraft.
- Søknaden blir ikkje ferdigbehandla før tilstrekkeleg dokumentasjon er levert.
- Alle søknadar blir behandla individuelt.
Inntekt og definisjon av hushaldning
Inntekta som blir lagt til grunn er hushaldninga si samla brutto person- og kapitalinntekt (inntekt før skatt). Siste tilgjengelege skattemelding blir lagt til grunn for berekning av reduksjon. Om inntekta har endra seg sidan siste skattemelding må oppdatert inntektsdokumentasjon leggast ved søknaden.
Omgrepet hushaldning omfattar i tillegg til ektefellar og registrerte partnarar, også sambuarar. Med sambuar er meint to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapeleg forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Om desse vilkåra er oppfylt skal inntekta til sambuar takast med sjølv om vedkomande ikkje er forelder til barnet.
Kostpengar (matpengar) kjem i tillegg til foreldrebetalinga og blir fastsett av styrar/eigar for den enkelte SFO. Summen vil difor variere i dei ulike SFO'ane.
Søk om redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO