Målet er å fremje utvikling og læring, samt sikre tilpassa opplæring og hjelp ved behov. Under finn du dei ulike tenestene ved fagsenteret.
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
PPT bidreg med sakkunnig vurdering, rettleiing og rådgjeving til barnehagar, skular, foreldre og elevar. Tenesta skal sikre at barn og unge får eit opplæringstilbod tilpassa evner og føresetnader.
Gå til meir informasjon om PPT
Kommunal logoped for barn og unge (0-16 år)
Logopeden tilbyr hjelp til barn og unge med utfordringar innan språk, tale, stemme og kommunikasjon. Tilbodet vert tilpassa kvar enkelt sitt behov.
Gå til meir informasjon om kommunal logoped for barn og unge:
Styrka barnehagetilbod
Det spesialpedagogiske teamet følger opp barn som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen. Tilbodet vert gitt i samarbeid med føresette og barnehagen.
Les meir om styrka barnehagetilbod
Kontakt oss