Vinnar av diplom-konkurransen er kåra

I oktober lyste kulturutvalet ut ein konkurranse, der ein ønskte hjelp frå innbyggarane til ny utforming av diplomet som følger med Haram kommune sine to kulturprisar. No er vinnarane kåra!

Måleri i sterke fargar, av fyr og bru - Klikk for stort bileteFørsteplass: "Samspill" av Sigurlin M. Gretarsdottir Sigurlin M. Gretarsdottir

Konkurransen fekk god respons, og når fristen for å delta gjekk ut, hadde kulturutvalet fått inn over 30 motiv.

Trond Skjelten er leiar av kulturutvalet, og han er svært fornøgd med oppslutninga rundt konkurransen. 

- Det er veldig kjekt at så mange tok utfordringa og sendte oss bidraga sine, seier han. 

 - Det var både barn, ungdommar, vaksne og godt vaksne blant deltakarane, og det er fint at konkurransen engasjerte innbyggarar i alle aldrar, fortel han vidare.  - Vi fekk inn mange flotte motiv, så det var ingen enkel jobb for oss i juryen når vi til slutt skulle kåre vinnarane. Vi i kulturutvalet vil takke for engasjementet og alle dei flotte bidraga vi fekk inn, avsluttar Trond Skjelten.

Samspel gav førsteplass

Førsteplassen gjekk til Sigurlin Margret Gretarsdottir, for bildet som ho har kalla “Samspill”. Motivet er inspirert av Lepsøybrua, Lepsøyrevet fyr og naturen rundt,  og bildet er laga i blanda teknikk ved bruk av acrylmåling og penn. 

- Eg valde tittelen “Samspill” fordi eg synest formene på fyret, brua og naturen rundt har nettopp det, eit fantastisk samspel, seier Sigurlin. - Lepsøyrevet er eit populært motiv her i området, både når det gjeld foto og teiknekunst. I mi framstilling valde eg å bruke sterke og litt utradisjonelle fargar, så det stikk seg kanskje litt ut.

No er det altså Sigurlin sitt “Samspill” som skal pryde kulturprisdiplomet fram til og med 2027, og vinnaren legg ikkje skjul på at det ho synest det er stas. - Eg synest det er ei ære å vinne konkurransen, og eg blei veldig glad, seier ho. - Det gir meg stor motivasjon til å fortsette med å utvikle både stil og teknikk i kunsten min.

Andreplass

På andreplass kom Ellinor Hånde Stene, med måleriet “Lengt”.  Det er laga av akryl og Powertex, som er eit vannbasert medium.

Måleri i blåtonar - Klikk for stort bileteAndreplass: "Lengt" av Ellinor Hånde Stene Ellinor Hånde Stene

Tredjeplass

Synnøve Rogne Haram stakk av med tredjeplassen, med sitt foto “Sjelefred”. Det vakre bildet er tatt ute ved berga på Haramsneset på Haramsøya.
 

Foto av svaberg med hav og solnedgang i bakgrunnen - Klikk for stort bileteTredjeplass: "Sjelefred" av Synnøve Rogne Haram Synnøve Rogne Haram

Premieutdeling i desember

Som annonsert, vil første-, andre- og tredjeplass i konkurransen vil bli premiert på følgande måte:

  • Førsteplass: Motiv trykt på diplomet som følger med kulturprisane, og ein pengepremie på 5000 kroner
  • Andreplass: Pengepremie på 3000 kroner
  • Tredjeplass: Pengepremie på 2000 kroner

Vi gratulerer vinnarane, og ser fram til premieutdelinga som vi skje under kommunestyremøtet den 12. desember.