Vil du vere møtefullmektig i forliksrådet?

Haram kommune er på jakt etter deg som kan møte på vegne av ein part som har ei sak under behandling i forliksrådet

Forliksrådet er det laveste leddet i rettssystemet for sivile saker og er en meklingsinstitusjon med begrenset domsmyndighet.

Ved kvart forliksråd skal det vere eit utval av faste møtefullmektigar for forliksrådet. Tal på medlemmar i utvalet vert tilpassa saksmengda i forliksrådet og kommunen sit innbyggartal. Møtefullmektigane vert oppnemnd av kommunen kvart fjerde år  og har funksjonstid like lenge.

Vi har felles forliksråd for kommunane Ålesund, Haram, Giske og Fjord. I perioden 2021-2024 har vi hatt fem faste møtefullmektigar, men i perioden 2025-2028 treng vi fleire.

Kva gjer ein møtefullmektig?

Som møtefullmektig representerer ein part som ikkje kan møte opp i forliksrådet sjølv. Møtefullmektigen framfører argumenta i saka på vegne av parten dei representerer og kan inngå forlik etter fullmakt frå parten.

Du representerer kun den parten som oppdraget kommer fra, og skal i den enkelte sak vere uavhengig av andre interesser enn partens.

Kven kan bli møtefullmektig? 

For å bli møtefullmektig må du vere over 25 år, ha alminneleg god kunnskap om samfunnet og beherske norsk skriftleg og muntlig.

Du treng ikkje bu i kommunen.

Godgjersle

Som møtefullmektig får du godtgjering for arbeidet.

Maksimal godtgjering til møtefullmektig tilsvarar maksimalsatsen for møtegodtgjøring i samsvar med tvistelova § 6-13 første ledd bokstav c og bokstav e. Godtgjeringa vert dekka av vedkommande part. 

Meld di interesse

Synes du dette er interessant? Då kan du søke her: 

Søk om å bli møtefullmektig (Skjema hos Ålesund kommune)

Fristen for å søke for perioden 2025 —2029 er 10. februar 2025

Vil du vite meir? 

 

Har du spørsmål:

Ragnhild Movik
Rådgjevar
E-post
Mobil 94 85 95 24