Vil du bli støttekontakt?Har du lyst til å vere med på å gi nokon som treng det ei aktiv og meiningsfull fritid? Haram kommune har behov for fleire støttekontakter, og søker deg som har kapasitet til og ønske om å gi andre ein meir aktiv kvardag.Kva gjer ein støttekontakt?Som støttekontakt gir du eit anna menneske positive opplevingar. Nokre treng støttekontakt anten fordi dei ikkje kjem seg ut på eigahand, eller fordi dei treng bistand til å delta på fritidsaktivitetar. Som støttekontakt jobbar du ca. 3-4 timar i veka. Du er då på oppdrag for kommunen, du er ikkje fast tilsett.Du får godtgjersle frå kommunen for oppdraget.Kven kan bli støttekontakt? Du må vere over 18 år. Du kan få oppdrag dersom du er under 18 år, då i samråd med brukar/føresette/verje. Du må legge fram politiattest og du har teieplikt. Du bør vere glad i å vere saman med menneske, ha evne til å finne på aktivitetar, og vere ein motivator for andre.Du bør kunne binde deg over ein lengre periode, for å skape stabilitet for brukaren.Slik søker du om å bli støttekontakt Vil du bli støttekontakt? Då kan du sende inn ein søknad, der du fortel litt om deg sjølv. Du kan søke via digitalt skjema, eller ved å bruke skjema for utfylling og utskrift.Søk om å bli støttekontakt - digitalt skjemaHer finn du søknadsskjema for utfylling og utskriftKva skjer vidare? Når vi mottar søknaden din tar vi kontakt med deg for avtale om intervju/samtale, informasjon og rettleiing. Kontakt oss Sist endra 17.09.2024 21.58