Vil du bli samarbeidspartnar for sterke og stødige seniorar i Haram?

Kvar onsdag møtest dei nystarta Sterk og stødig-gruppene på IL Ravn sitt klubbhus. Les meir om korleis dette treningstilbodet vart til, kanskje lar du deg inspirere?

Det er onsdag føremiddag, og vi har tatt turen til Vatneeidet, og IL Ravn sitt klubbhus. Allereie frå inngangsdøra høyrer vi summande stemmer og latter. Det er straks tid for Sterk og stødig-trening, og elleve seniorar er klare til innsats.

Ei treningsform som passar for mange

Gjengen vi møter er ulike både i alder og fysisk form, men felles for alle er at dei ser fram til trimøkta og ser nytten av å delta på denne vekentlege samlinga.

 -Å trene og halde seg i fysisk form er noko ein må ta ansvar for sjølv, seier ei av dei oppmøtte deltakarane. - Ikkje kan eg kjøpe god form på butikken, og ikkje kan eg leige nokon til å trene for meg.  Så då er det berre å “go for it”, og Sterk og stødig hjelper meg på vegen. 

Fleire nikkar og seier seg eininge i dette, og fortel om ei treningsgruppe der takhøgda er stor og stemninga lystig og uformell.

 - Det som er fint med denne gruppa, er at ein ikkje treng å vere så godt trent frå før for å vere med, fortel ei av dei andre i forsamlinga. - Det er ei fin og befriande treningsform, også for meg som eigentleg ikkje er så glad i å trene, smiler ho. -Og så har vi så flinke instruktørar!

 - Det er kjekt å vere instruktør også, svarer ei av dei blåkledde instruktørdamene. - Det er fint å ha støtte i fysioterapeutane, som er sparringspartnarar og kan gi råd om både tilpassing av opplegg og øvelsar. Det gjer oss både tryggare og betre i instruktørrolla.

Så, kva er Sterk og stødig?

Sterk og stødig er gruppetrening for godt vaksne, som er over 65 år og bur heime. Hovudfokus er balansetrening styrketrening for bein. Treninga skjer for det meste ståande og litt sittande, og den som treng det kan støtte seg til ein stol når ein utfører øvelsane. For å delta må ein kunne gå utan hjelpemiddel innandørs.

Det er kommunen sine fysioterapeutar som driftar tilbodet, og er ansvarlege for organisering og opplæring. 

Gruppene blir leia av frivillige instruktørar, som er kvalifiserte gjennom gratis Sterk og stødig instruktørkurs. Instruktørane får også vidare oppfølging og fagleg rettleiing av fysioterapeutar i Haram og Ålesund kommunar. For å sikre fleksibilitet og unngå belastning, er det minst to instruktørar per gruppe. Slik kan den frivillige innsatsen kombinerast med andre interesser og planar.

Kvinne tar knebøy, held seg fast i ein stol - Klikk for stort bileteTonje Haugen Ødegård er koordinator for Sterk og stødig i Haram Haram kommune

Godt samarbeid gir nyoppstarta tilbod på Vatneeidet

I februar var det oppstart av to nye Sterk og stødig-grupper for deltakarar frå Vatne/Tennfjord-området. Kvar onsdag møtest dei på IL Ravn sitt klubbhus, til ein liten time med trim og kanskje ein kaffi attpå. 

 - Vi er veldig glade for å ha fått på plass dette tilbodet, seier fysioterapeut Tonje Haugen Ødegård. Ho er rettleiar og koordinator for Sterk og stødig i Haram.  -Takka vere fire dyktige frivillige intruktørar, kan vi no tilby denne treninga også for seniorar i indre del av Haram. 

Oppstarten av treningsgruppa er eit resultat av samarbeid mellom fysioterapeutane i kommunen og frivilligheita, fortel Tonje.

 -Her på Vatneeidet har vi fått til eit flott samarbeid mellom kommunen, Vatne og omland pensjonistlag og IL Ravn. Pensjonistlaget har hjelpt oss med rekruttering av både instruktørar og deltakarar, og med å spreie ordet om tilbodet rundt til sine medlemmer. IL Ravn stiller med gratis lokale, noko som er heilt avgjerande for at vi kan drifte trimgruppa som eit lavterskeltilbod. 

Ho fortel vidare at ordninga fungerer veldig fint, og at målet er å kunne starte opp grupper også andre stader i kommunen.

 - Per no har vi tilbod på Lepsøy og på Vatneeidet, og håpet vårt er å kunne starte opp Sterk og stødig-grupper endå fleire stader i kommunen. Men for å få til dette er vi er avhengig av både frivillige instruktørar og tilgang til lokale som gruppa kan samlast i. Om det finst lag eller organisasjonar i kommunen vår som kan hjelpe med eit lite treningslokale, slik som IL Ravn gjer, eller om nokon har lyst å vere instruktør, blir vi kjempeglade om dei tar kontakt for ein uforpliktande prat! 

Ønsker fleire menn med

 - Vi opplever at det er eit stort overtal av kvinner som er med i Sterk og stødig-gruppene våre, både som deltakarar og instruktørar, seier Tonje. - Dette er ein trend vi ser også nasjonalt, så vi ønsker gjerne fleire menn velkomen med! På sikt hadde det vore kjekt om vi kanskje kunne greidd å få sett saman ei eiga “karagruppe”? 

 - Men mannfolka har det kjekt saman med damene også, altså. Så om du er ein mannleg senior på 65+ treng du ikkje å nøle, det er berre å slenge seg med! avsluttar Tonje.

Vil du bli samarbeidspartnar for Sterk og Stødig?

Kunne du tenke deg å bli instruktør for ei Sterk og stødig-gruppe? Eller har laget ditt eller organisasjonen din lyst å bidra til å få på plass eit Sterk og stødig-tilbod i nærmiljøet? Då vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

Klikk deg inn i artikkelen under, der finn du både kontaktinformasjon og litt meir fakta om Sterk og stødig i Haram.

Kontaktinformasjon og meir fakta om Sterk og Stødig-tilbodet i Haram