Arrangementet var eit samarbeid mellom Haram kommune, Pensjonistforbundet Vatne og omland, Eidet skule og Sunnmøre Friluftsråd.
Full aktivitet i kulturhallen
Etter at ordførar Vebjørn Krogsæter hadde ønskt forsamlinga velkomen i Bygdastova, var det klart for å starte dagens aktivitetar.
I kulturhallen var det rigga til tjue ulike postar, og deltakarane kasta seg engasjert ut i alt frå presisjonskast med erteposar og bottleflip med kjegle, til stein‑saks‑papir‑duellar og ulike former for hjernetrim.
Elevar frå ungdomstrinnet ved Eidet skule gjorde ein kjempeinnsats som både deltakarar og rettleiiarar, og sørga for god stemning og god flyt mellom aktivitetane.
Friluftsrådet laga liv med utandørsaktivitetar
I tillegg til postane i hallen hadde Sunnmøre friluftsråd fleire aktivitetar utandørs for dei som ville ta ein liten tur ut i sola. Der fekk mange testa balansen på styltrer, og fleire av dei godt vaksne deltakarane imponerte med gamle kunstar som framleis sat overraskande godt.
Prøysen og allsong som avslutning
Etter at generasjonsleikane var ferdig leika, samla dei vaksne deltakarane seg i amfiet i Eidet skule for ein fin konsert der lokale musikarar framførte kjende og kjære Alf Prøysen‑songar. Bandet inviterte også publikum med på allsong, og eit nesten fullsett amfi stemde entusiastisk i. Ei stemningsfull avslutning på ein kjekk dag!
Ein dag som gav meirsmak
Leif Hofseth frå Pensjonistforbundet Vatne og omland og rådgivar i Haram kommune, Ann Kristin Berg, seier dei er svært glade for kor vellykka arrangementet blei:
– Dette har vore ein flott dag med mykje aktivitet, latter og gode møte mellom generasjonar, - akkurat det vi håpa på! Mange av deltakarane har også sagt at dei kosa seg, og det er veldig kjekt å høyre. Når responsen er så positiv, freistar arrangementet heilt klart til gjentaking.
– Tusen takk til alle som delte dagen med oss, og ikkje minst fortener både vaksne og elevar ved Eidet skule ein stor takk for deira innsats. Dei har vore kjempeflinke!