Vellykka Innovasjonscamp på Brattvåg ungdomsskule

Siste veka før påske var det duka for den årlege Innovasjonscampen på Brattvåg ungdomsskule.
 

Innovasjonscamp er eit samarbeid mellom skulane, næringslivet og Ungt Entreprenørskap, og er ein idéverkstad der elevane jobbar i grupper med reelle oppdrag, der målet er at dei skal kome opp med eigne løysingsforslag.  

På Ungt Entreprenørskap sine nettsider kan du lese meir om  kva Innovasjonscamp er 

Haram kommune var også oppdragsgivar

Haram kommune stilte i år med to oppdrag til Innovasjonscamp på Brattvåg ungdomsskule:

  • Oppdrag 1 - Eigenberedskap i heimen
    Kort oppsummert skulle elevane
    • presentere temaet og forklar kvifor ein bør ha god eigenberedskap
    • vise eit døme på ein beredskapspakke for ein familie på fire
    • lage forslag til ein rutine for vedlikehald av beredskapspakken
    • forklare kvar ein kan finne meir informasjon om temaet eigenberedskap

 

  • Oppdrag 2: arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel
    • korleis kan kommunen sikre seg å høyre dei unge stemmene? 
    • Kva kanalar kan vi bruke og korleis utforme bodskapen på ein slik måte at det er forståeleg for aldersgruppa?


Elevane fekk utdelt oppdrag og informasjon tysdag og hadde framføring torsdag kveld, der dei presenterte det dei hadde jobba med, korleis dei hadde tenkt og forslag til løysing på oppdraget.  

God innsats gav gode og innovative idéar

Alle gruppene hadde gjort ein solid innsats i arbeidet med å løyse oppdraga sine, og det var mange gode framføringar med kreative forslag til løysingar som vart presentert for foreldre, mentorar og jury på ungdomsskulen torsdag kveld. 

Det vanka påskeegg i premie til første- og andreplassen, og også gåvekort på pizzabuffet på Kulturkafeen for gruppa som gjekk av med sigeren.

Førsteplassen var det elevar som hadde eitt av oppdraga frå bedrifta GK som stakk av med. Oppdraget gjekk ut på å kartlegge dei største tekniske installasjonane på ungdomsskulebygget, og finne ut kor mykje energi skulen brukar. Elevane brukte GK si tipsliste for energibesparande tiltak, og undersøkte kva som kan vere aktuelt for deira skule. Dei kom også med forslag til nye energisparande tiltak.  

Snapchat kan vere løysinga på kommunal utfordring

Andreplassen gjekk til gruppa som fekk oppdrag frå Haram kommune, om korleis vi kan sikre oss dei unge stemmene i arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Elevane hadde vald seg ut «Snapchat» som kanal, og ein funksjon der som heiter «send it». Her kan den som vil motta tilbakemeldingar dele ei lenke med andre for å motta svar. Lenka kan delast via SMS, e-post eller på sosiale media. 

Dei kom også med tips å råd korleis ein bør og ikkje bør skrive når kommunen skal informere barn og unge om noko som angår dei. Gruppa hadde løyst oppdraget på ein framifrå måte og kommunen tek med seg innspela tilbake i det vidare arbeidet med kommuneplanen til samfunnsdel.

Frå kommunen deltok Maren Fjørtoft Bringsvor og Ragnhild Nordang som mentorar.