Caroline Kjerstad Grønli (midten)er leiar for Haram kommune sitt samfunnsutval. Du kan møte henne og resten av utvalet under folkemøtet den 3. september. F.v. Kathrine P. Beite, Øyvind Skjelten, Ståle Grytten og Hilde B. Ellingsæter
Haram kommune
Det er arbeidet med utarbeiding av kommuneplanen sin samfunnsdel som står på agendaen, og utvalet håper innbyggarane kjem og viser sitt engasjement.

- Det er utruleg viktig for oss å høyre kva som engasjerer og opptek innbyggarane våre, seier utvalsleiar Caroline Kjerstad Grønli.
Saman med resten av utvalet og ordførar Vebjørn Krogsæter, vil ho informere om arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og arbeidet til utvalet, i møtet som skal vere i "Bygdestova" i Eidet kulturhall.
- Det viktigaste er å få prata med folk og høyre kva som opptek dei, seier Caroline.
Arrangementet er i samarbeid med Vatne og omland Pensjonistlag, som står for det tekniske og praktiske.
Hjelp til å ta del i digital innbyggarundersøking
Gjennomføring av digital innbyggarundersøking står også på agendaen for kvelden. Tanken med å ta i bruk nettbaserte plattformer for å få innspel frå innbyggarane, er at ein kanskje får involvert fleire grupper enn ved å bruke tradisjonelle metodar.
-Under møtet vil den som treng det kunne få hjelp til å sende inn innspel gjennom den digitale undersøkinga. På denne måten håpar vi å få inn svar også frå dei som kanskje ikkje er så digitale elles i kvardagen, avsluttar utvalsleiar Caroline Kjerstad Grønli.
Her finn du den digitale innbyggarundersøkinga
Når og kvar?
Tid: Tysdag 3. september kl 18.00
Stad: Bygdestova, Eidet kulturhall
Agenda
Det er planlagt følgande program for møtet:
- Innlegg v/ ordførar Vebjørn Krogsæter
- Orientering frå kommunen og samfunnsutvalet
- Digital innbyggarundersøking
- Diskusjon og spørsmål