Gjengen i ungdområdet inviterer til ein sosial og inspirerande kveld - av og for ungdom. Ta turen då vel! :)Høgdepunktet for kvelden er besøk frå sosiale medier-profil og idrettsutøvar Elias Omberg, som vil dele si personlege historie og snakke om korleis ein kan handtere motgang og tøffe tider.
I tillegg blir det servering av pizza, volleyballturnering og andre kjekke aktivitetar i hallen.
Busstransport til og frå arrangementet
For å gjere det enkelt å delta, er det ordna med turbussar til og frå Norborg fleirbrukshall denne kvelden.
Bussen er gratis, med unntak av avgangen frå Brattvåg. Dette er ordinær rutebuss, ungdomsbillett kostar kr 24 for ungdommar under 18 år.
- Frå Nordøyane: Bussen startar frå Steinshamn (avreisetidspunkt vil kome). Ankomst i Søvika kl. 18.25.
- Frå Vatneeidet via Grytastranda: Avreisestad og tidspunkt vil kome. Bussen er framme i Søvika kl. 18.25.
- Frå Brattvåg: Ordinær rutebuss (231) går frå Sparebanken Møre kl 18.04, ankomst i Søvika kl 18.35.
- Retur: Bussane går tilbake kl. 20.30 – ein til Steinshamn og ein til Vatne via Brattvåg.
Vel møtt!
Haram ungdomsråd ønsker alle ungdommar velkomen til ein inspirerande og sosial kveld. Ta med deg venene dine – dette vil du ikkje gå glipp av!🤗
Arrangementet er ein del av eit samarbeid med prosjektet Ung kunst og kultur (UKK) i kommunen, der også fylkeskommunen er med.
