Tove Laila-Bjerke, Eva Ulla Myren og Ingvild Haram ønsker seg eit stort publikum til årets UKM-førestilling på ID-huset
Haram kommune
- Påmeldinga til årets UKM-arrangement har vore stor, og totalt er det heile 109 barn og unge som skal delta enten med utstilling, innslag frå scena eller som arrangør, seier Tove Laila Bjerke. Ho er koordinator for UKM-arrangementet, og no gler ho og resten av arrangørane seg til den komande helga.
- Vi startar UKM-helga med aktivitetar og lydprøver på laurdag. Då kan deltakarane bli med på ulike worshops, som til dømes låtskrivarkurs, kurs i smykkedesign eller instruksjon i sjonglering eller el-gitar. Dei kan også få tips og råd når det gjeld sceneshow og korleis ein kan bli ein god arrangør eller konferansier, fortel Tove Laila, og legg til:
- UKM står jo for Ung Kultur Møtast, så blir det sjølvsagt også tid til å berre mingle litt og bli kjent med andre deltakarar!
Her kan du sjå program både for deltakarar og publikum
Ønsker seg stort publikum på søndag
På søndag opnar dørene til Ingebrigt Davik-huset klokka 15.00. Då kan publikum sjå både kunst og foto utstilt, før det blir ei omlag to timar lang førestilling frå scena. Førestillinga er gratis, og alle som har lyst er hjarteleg velkomne.
- Klokka 16 opnar ordførar Vebjørn Krogsæter sceneshowet, og med så mange deltakarar i aksjon håper vi sjølvsagt også på mange publikummarar i salen. seier Tove Laila. - Det fortener dei flinke og modige barna og ungdommane!