Eidet skule
Tian Hove Bjørge
Dei to første delane av markeringa skjer på dagtid, og er for elevar, tilsette og inviterte gjestar. Deretter blir det ope hus for alle interesserte, ei fin anledning for innbyggarar og andre interesserte til å få eit innblikk i korleis det nye bygget har blitt.
– Skulen og biblioteket er ikkje berre ein arbeidsplass for tilsette og elevar, men også ein ressurs for lokalsamfunnet. Her skal det vere plass til både læring, aktivitet og møte mellom folk, seier prosjektleiar Nikolai Jensen Brunstad.
Kveldsarrangementet ope for alle
Siste del av markeringa er open for alle som ønsker å ta del. Arrangementet startar i kulturhallen klokka 17.00, med velkomsttale ved ordføraren. Deretter kan besøkande gå fritt rundt i det nye skulebygget og biblioteket.
Det blir enkel servering med kaffi og snacks, og vi ønsker både foreldre, føresette, lag, organisasjonar og andre interesserte velkomne.
- Dette er ei stor hending for kommunen, seier ordførar Vebjørn Krogsæter. - Skulen har blitt eit bygg vi kan vere stolte av, og vi håpar mange vil ta turen til opninga!
Program for kveldsarrangementet
- Kl. 17.00: Velkomsttale ved ordførar og korte videopresentasjonar frå scena
- Ope hus med omvising i både skule og bibliotek
- Servering av kaffi og snacks
Her kan du sjå fullstendig program for dagen (PDF, 881 kB)