Velkomen til nye Fole kjekt-treff i biblioteket

I slutten av september er det igjen klart for nye Fole kjekt-møte i biblioteka i Haram. Ta turen, då vel!

Tre eldre menneske står tett saman og smiler - Klikk for stort bileteVelkomen til Fole kjekt-treffa i oktober og november!

Fole kjekt i Haram er eit samarbeid mellom Haram frivilligsentral og Haramsbiblioteka.  

Møtestaden skal vere eit lavtersketilbod, der ein treffest i biblioteka for ein god prat over ein kopp kaffi. Møta vil også ha fagleg innhald, og denne hausten står mellom anna følgande tema på planen:

  • Krig og okkupasjon v/ Jan Olav Flatmark
  • Førebyggande helse v/ fysio- og ergoterapitenesta i Haram
  • Eigenberedskap v/ kommunen sin beredskapskoordinator

Det blir også sett fokus på verdsdagen for psykisk helse, der årets tema er “Vi trenger å styrke vår psykiske beredskap”.

Tilbodet er spesielt retta mot seniorar, men alle som vil ta turen er hjarteleg velkomne! 

Når og kvar?

Hausten 2025
DatoKlokkeslettStadTemaFriskus
23. septKl 12.00-14.00Brattvåg bibliotekKrig og okkupasjon v/ Jan Olav FlatmarkSjå arrangement i Friskus
25. septKl 13.30-15.30Haramsøy bibliotekKrig og okkupasjon v/ Jan Olav FlatmarkSjå arrangement i Friskus
21. oktKl 13.00-15.00Lepsøy bibliotekFørebyggande helse v/ fysio- og ergoSjå arrangement i Friskus
30. oktKl 12.00-14.00Eidet bibliotekFørebyggande helse v/ fysio- og ergoSjå arrangement i Friskus
27. novKl 13.30-15.30Haramsøy bibliotekEigenberedskap v/ beredskapskoordinatorSjå arrangement i Friskus
02. desKl 12.00-14.00Brattvåg bibliotekEigenberedskap v/ beredskapskoordinatorSjå arrangement i Friskus

 

Fole kjekt i Haram har fått støtte frå Norges frivilligsentraler.