Velkomen til Generasjonsleikane 2026 - Haram kommune

Velkomen til Generasjonsleikane 2026

Måndag den 11. mai inviterer Haram kommune og Pensjonistforbundet Vatne og omland til Generasjonsleikane, ein aktivitetsdag der både ung og eldre må spele på lag.

Oddmund D. Otterlei, assisterande rektor ved Eidet skule, Ann Kristin Berg, rådgivar i kommunalområde Helse og omsorg og Leif Hofseth, leiar for Pensjonistforbundet Vatne og omland, gler seg til å kunne ønske velkomen til dei første Generasjonsleikane i Haram kommune.

Generasjonsleikane 2026

Tid: Måndag 11. mai kl. 10.30 - 14.00

Stad: Ravn stadion / Eidet skule

Program for dagen

  • Opning v/ ordførar Vebjørn Krogsæter
  • Leikar og aktivitetar på kunstgrasbanen
  • Servering av pølser, kake og kaffi
  • Lotteri i regi av Pensjonistforbundet Vatne og omland
  • Konsert i amfiet ved Eidet skule

Haram kommune er ein av over 70 kommunar og frivilligsentralar over heile landet som skal arrangere Generasjonsleikane i 2026, med hjelp frå Senteret for eit aldersvennleg Noreg. Det er betyr leik og moro for alle, uansett alder!

Det er første gong desse leikane blir arrangert i Haram, og kommunen har fått Pensjonistforbundet Vatne og omland og Eidet skule med på laget til gjennomføringa. I tillegg er også Hilde Ellingsæter frå Sunnmøre Friluftsråd med.

No er målet å samle både barn, ungdom, vaksne og eldre til ein kjekk aktivitetsdag på Ravn stadion. Det er gratis å vere med, og det blir servert både kaffi og pølser til alle deltakarar.

Møteplass for mangfald og inkludering

Senteret for eit aldersvennleg Noreg og Norges Frivilligsentraler gjentek suksessen frå dei siste fire åra og har invitert kommunar og frivilligsentralar over heile landet til å arrangere Generasjonsleikane i 2026.

− Vi er veldig glade for at nettopp Haram kommune og pensjonistlaget er med. I eit aldersvennleg Noreg skal det vere møteplassar og arenaer der alle generasjonar kan møtast gjennom ulike aktivitetar, fortel Anne Berit Rafoss i Senteret for eit aldersvennleg Noreg. 
− Ved å legge til rette for at Generasjonsleikane kan arrangerast i endå fleire norske byar og tettstader, ønsker vi å bidra til nettopp dette. 

Ein av dei som skal vere med, både med å opne arrangementet og på leikane, er ordførar Vebjørn Krogsæter.

− Dette gler eg meg til! Leik og moro på tvers av generasjonar, kjønn og livserfaring er ein fin måte å møtast på, seier han. − At pensjonistlaget med sine ressurssterke og erfarne medlemmer er med og arrangerer er spennande, og eg trur slike møteplassar kan gi gode opplevingar for alle som kjem. 

− Det er nok alvor i kvardagen, ta deg tid til ein dag med leik og moro og kjenn på gleda ved å vere fysisk aktiv i lag med andre.
 

Blå, raud og kvit logo - generasjonslaikane - Klikk for stort bilete

Uansett alder og fysisk form

Generasjonsleikane er eit arrangement med aktivitetar som bidreg til mangfald og inkludering på tvers av generasjonar, og der frivilligheita i samarbeid med kommunen står i sentrum. 

Aktivitetane er tilrettelagde slik at alle kan vere med, uansett fysiske føresetnader. Elevar ved Eidet skule vil bidra både som organisatorar og utøvarar, så her kjem både yngre og eldre til å delta side om side.

– Generasjonsleikane er ein dag der vi får kjenne på gleda av å vere saman, uansett alder. Vi i pensjonistlaget ser fram til å møte både gamle kjenningar og nye fjes, og håpar at mange tar turen, seier Leif Hofseth. Han er leiar for Pensjonistforbundet Vatne og omland. 

- Når vi møtest til leik og aktivitetar på tvers av generasjonar, skaper vi eit fellesskap som gjer oss alle rikare. Vi gler oss til denne dagen!

Musikalsk avslutning på leikane

Etter aktivitetane på kunstgrasbanen blir dagen avslutta med ein konsert i amfiet ved Eidet skule. Lokale musikarar står for underhaldninga, og fleire av Alf Prøysen sine kjende og kjære songar står på programmet.

Har du spørsmål om arragementet?

Dersom du lurer på noko rundt arragementet er du velkomen til å ta kontakt med oss:

Ann Kristin Berg
Rådgjevar
E-post
Mobil 93 21 72 66