Velkomen til Frivilligforum

Haram kommune ønsker velkomen til det årlege dialogmøtet med frivillige lag og organisasjonar. Møtet er den 15. april,  i samfunnssalen på Haramsøy skule.

Mange menneske samla til møte. Ei kvinne presenterer på storskjerm - Klikk for stort bileteFullt hus under dialogmøtet i 2024

I Haram har vi mange flotte frivillige lag og organisasjonar, som i kvardagen gjer ein uvurdeleg jobb for innbyggarane i kommunen vår. Frivilligforum skal vere ein arena der frivilligheita og kommunen i fellesskap kan diskutere korleis vi kan arbeide for at Haram skal vere ein god kommune å bu i. 

Plakat for frivilligforum 2026, den gjengir teksten i artikkelen - Klikk for stort bilete

Når og kvar?

Tid: Onsdag 15. april kl 18-20.30

Stad: Samfunnssalen/amfiet, Haramsøy skule

Agenda

Det er planlagt følgande program for møtet:

  • Velkomen v/ varaordførar
  • Inspirasjonsforedrag v/ Øyvind Vebenstad
  • Informasjon frå kommunen
    • Frivilligheit inn i helsesektoren
    • Arbeid med kultur- og idrettsplan
  • Informasjon om og val til rådgjevande organ
  • Workshop: Kultur- og idrettsplan

Enkel servering.

Påmelding

For best mogleg planlegging og tilrettelegging av arrangementet ønsker vi at deltakarar melder seg på innan 8. april:

Meld deg på Frivilligforum 2026

Vi håpar å treffe og bli kjend med deg og laget eller organisasjonen du er engasjert i, velkomen skal du vere!

Ingvild Haram
Spesialkonsulent
E-post
Telefon 95 70 99 23
Mobil 95 70 99 23