Velkomen til folkemøte for seniorar
Det første folkemøtet i eit nytt samarbeid mellom pensjonistlag og aktørar i kommunen blir arrangert 20. januar. Tema er bustadtilpassing - korleis bu trygt heime lengst mogleg?
Ønsker velkomen til folkemøte for seniorar: Frå venstre Kristin Fjeld-Eiken (kommualsjef PELT), kommunedirektør Anders Norvald Hammer, rådgivar Greta Søvik, Frode Bøe Hatlelid (kommualsjef Livsløp), Svein Jarle Tharaldsen (leiar i Brattvåg og Omland pensjonistlag), ordførar Vebjørn Krogsæter og Leif Hofseth (leiar i Vatne og Omland Pensjonistlag)
Haram kommune
Dette er starten på ein ny tradisjon med to folkemøte i året om viktige tema for seniorar.
Arrangementet er meint for alle innbyggarar over 65 år – men alle som er interesserte i temaet er sjølvsagt hjarteleg velkomne!
Når og kvar?
- Dato: 20. januar 2026
- Tid: 11:00–14:00
- Stad: Ingebrigt Davik-huset, Brattvåg
- Velkomst og introduksjon – Pensjonistlaget orienterer
- Innleiing v/ ordførar Vebjørn Krogsæter
- Kva overordna planverk og strategiar sikrar eit aldersvenleg Haram? v/Kristin Fjeld Eiken, kommunalsjef PELT
- Pause – Sal av kaffi og kaker, samt loddsal.
- Korleis kan eigen bustad tilpassast for å bu trygt heime lengst mogleg? – Ergoterapeutteamet v/ Jonas Myhre Fagervoll
- Orientering om støtteordningar til finansiering av tilpassing av eigen bustad - kommunalområdet Livsløp v/ Greta Søvik
- Paneldebatt og spørsmål frå salen
- Avslutning v/ kommunedirektør Anders Norvald Hammer
Velkomen!
Sist endra 16.01.2026 16.07