Velkomen til Fole kjekt-treffa i oktober og november!Mange har kanskje høyrt om, eller vore med på, treffa som tidlegare heitte Fole kjekt å møtast, eller Fole kjekt å vere sosial og digital.
I ny kommune er namnet Fole kjekt i Haram. Møtestastaden er eit lavtersketilbod, der ein treffest i biblioteka for ein god prat over ein kopp kaffi. Møta vil også ha fagleg innhald, og i oktober og november står mellom anna velferdsteknologi, informasjon frå Husbanken, samfunnsplanlegging og kommunen si nettside på planen.
Tilbodet er spesielt retta mot seniorar, men alle som vil ta turen er hjarteleg velkomne!
Når og kvar?
I aktivitetskalenderen Friskus finn du oversikt over møtedatoar og stader.
Sjå møtedatoar i oktober
Sjå møtedatoar i november
Fole kjekt i Haram blir arrangert av Haram frivilligsentral og Haramsbiblioteka, og prosjektet har fått støtte frå Norges frivilligsentraler.