Velkomen til den nye nettsida vår

På nettsida til Haram kommune skal du som innbyggar få raskt svar på det du lurer på og få løyst oppgåvene dine.

Mann held opp pc og viser innhaldet på skjermen - Klikk for stort bileteOrdførar Vebjørn Krogsæter viser fram dei nye nettsidene til Haram kommune Haram kommune

Nettsida er hovudkanalen vår for å informere om tenestene vi tilbyr, politiske saker og kva som går føre seg i kommunen. Ein av dei som har fått ein liten smugkik på sida før lanseringa er ordførar Vebjørn Krogsæter. 

– Det er veldig kjekt at nettsida no er på plass og klar til bruk, den er eit viktig steg i arbeidet mot at Haram blir eigen kommune igjen, seier han. - Eg har alltid vore opptatt av å få innbyggarar til å bruke kommunen sin informasjon på nett og håper mange no vil nytte anledninga til å gjere seg litt kjend med den. 

Vil alt virke?

Nei, ikkje absolutt alt. Det er først frå 1. januar 2024 at Haram kommune startar opp. Difor kan det i ein periode vere nokre ting som ikkje vil virke på nettsida – slik som e-post og nokre skjema. Kontaktinformasjon og søk i telefonlista vil heller ikkje fungere før frå årsskiftet.

Enkelte ting vil vi trenge litt meir tid til å få på plass – blant anna må vi lage nye planar og reglement for den nye kommunen vår, så i ein overgangsfase vil det som blei vedtatt då vi var i lag med Ålesund kommune gjelde.

Spør Kari

For å hjelpe deg til å finne ut av det du lurer på raskt, også utanfor opningstidene våre, har vi tilsett Kommune-Kari. Ho er ein såkalla chatbot, eller samtalerobot, som du finn i front på framsida vår og nede i høgre hjørne på alle sider.

Om du spør Kommune-Kari, treng du ikkje å leite deg fram på sida - Kari gjer det for deg! Ho er ikkje heilt utlært enno, men ho blir flinkare og flinkare dess meir ho blir brukt. Alt innhald vil framleis vere tilgjengeleg i menyen til nettsida og via søkefeltet som du finn øvst på alle sidene.

Mi side

På Mi side finn du ei samling digitale tenester frå Haram kommune. Du kan mellom anna sjå fakturaene dine frå kommunen, finne digitale skjema du har sendt inn eller starta utfylling på eller administrere barnehage- eller SFO-plass. For å få tilgang må du logge deg inn via ID-porten, til dømes med BankID

Mi side er laga for den nye kommunen, og inneheld derfor ikkje historiske data i første omgang.  Merk også at sida er under utvikling og at det kan kome fleire tenester etter kvart.

Hjelp oss med å gjere nettsida betre 

"Fann du det du leita etter?" er ei løysing vi bruker for at du skal kunne melde tilbake til oss om du fann informasjonen du leita etter. På den måten kan du hjelpe oss med å forbetre nettsida. Du finn denne nedst på alle sider. Vi ser ikkje kven som svarer oss, og kan heller ikkje svare deg tilbake.

 

For å kome til framsida kan du klikke på kommunevåpenet oppe til venstre.  Adressa til nettstaden er haram.kommune.no.

Følg oss også gjerne på Facebook