Varsel om svært mykje snø, polart lågtrykk og stor snøskredfare på Sunnmøre

NVE varslar om stor fare for snøskred på Sunnmøre, faregrad 4 frå fredag 3. januar. Det er også meldt at eit polart lågtrykk er undervegs mot kysten av Møre og Romsdal, og det er venta svært mykje snø det neste døgnet.

Illustrasjon av markerte område i kart, fare for mykje snø - Klikk for stort bilete varsom.no

Svært mykje snø i vente

Fredag 03. januar er det venta svært mykje snø, lokalt 30-50 cm i løpet av 24 timar. I fjellet kan det kome meir.

Her kan du lese heile farevarselet (varsom.no)

Polart lågtrykk - gult varsel frå torsdag 2. januar

Meterologisk institutt melder om at eit polart lågtrykk blei danna onsdag ettermiddag, og vil bevege seg sørover mot kysten vår. Den nøyaktige utviklinga av lågtrykket er framleis usikker. Mest truleg vil det treffe kysten av Trøndelag og Møre og Romsdal torsdag kveld. Langs kysten er det venta sørvest eller vestleg liten storm i forkant av lågtrykket, før vinden dreier på nordvest med liten til full storm. Kraftige snøbyger er også venta.

Konsekvensar av lågtrykket

Kart over Polart lavtrykk, gult nivå, Kysten av Helgeland, og delar av Trøndelag, Møre og Romsdal og kysten av Nordfjord - Klikk for stort bilete varsom.no
  • Rask endring i vindstyrke og retning
  • Det kan vere vanskeleg framkomelegheit på grunn av snø, snøfokk og redusert sikt
  • Nokre reiser vil kunne få lenger reisetid
  • Det kan vere lokalt vanskelege køyreforhold grunna kraftig snøfall i kombinasjon med vind
  • Straumforsyninga kan bli påvirka

Anbefalingar og råd

  • Ver merksam på raske endringar i veret
  • Unngå unødvendig ferdsel på utsette stader
  • Vurder om reisa er nødvendig
  • Sjekk vegmeldingar på 175.no
  • Bruk riktige dekk og køyr etter forholda

Her kan du lese heile farevarselet om polart lågtrykk (varsom.no)

Snøskredvarsel for region Sunnmøre fredag 03.01.2025

Illustrasjonsteikning som viser terrengfeller som snøskavlar og bratt terreng - Klikk for stort bilete varsom.no

Faregraden vil auke mot faregrad 3 og 4 i takt med aukande nedbør og vind. Dei områda som får mest nedbør vil vere mest utsett. Unngå skredterreng.

NVE melder om ar svært mykje snø og aukande vind gir krevende forhold utover frå torsdag ettermiddag. Det ligga allereie mykje laus snø i terrenget og når vinden flyttar denne snøen og nysnøen, vil store ustabile flak bli danna i leheng. Flaka vil vere svært lette å påvirke for ein skiløpar, hald avstand til alt skredterreng. Sjølv om det er lite snø i terrenget og det gamle snødekket er stabilt, er det venta skred i kjente skredbaner som stadvis kan få lange utløp.

Her kan du lese heile farevarselet om snøskred (varsom.no)