Varsel om høg vasstand og svært kraftige vindkast
Meterologisk institutt melder om svært høg vasstand langst kysten og i fjordane i Møre og Romsdal i helga. Varselet gjeld spesielt på laurdag frå kl 09.00-13.00, og frå kl 21.00-01.00 natt til søndag.
yr.no
Det betyr at vi bør:
- Sjekke fortøynga til båten og sikre lause gjenstandar i strandsona
- Vere forsiktige om vi ferdast i strandsona og på sjøen
- Sikre lause gjenstandar på eigedomane våre
- Unngå å ferdast unødig på utsette stader
Svært kraftige vindkast laurdag
Det er også meldt om svært sterke vindkast. Vinden skal avta frå ca kl 19 laurdag kveld, fram til det bør ein vurdere om det er nødvendig å opphalde seg utandørs. Sikre lause gjenstandar rundt og på eigedomen din ved behov.
Lepsøybrua open igjen
Lepsøybrua vart opna igjen frå kl 17.30, etter å ha vore stengt på grunn av kraftige vindkast.
Følg med på varsel og sikkerheitsråd
Du finn varsel og sikkerheitsråd på nettsida varsom.no
Sist endra 16.11.2024 18.39