Val 2025 - Manntal ute til offentleg ettersyn

Manntalet for Haram kommune er no lagt ut til offentleg ettersyn på Haram tenestehus, det vil ligge tilgjengeleg til ettersyn til og med valdagen 8. september 2025.

Kva er manntalet?

Manntalet er ei oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. Du blir automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregisteret som busett i den 30. juni 2025. Denne datoen blir kalla for skjeringsdatoen. 

Flytter du til ein annan kommune må du ha meldt flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.

Bur du i utlandet?

Er du busett i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busett i.

Har du vore busett i Noreg  dei siste 10 åra, blir du ført automatisk inn i manntalet i kommunen der du sist var registrert som busett.

Har du budd meir enn 10 år i utlandet blir du ført inn i manntalet i kommunen du sist var registrert som busett i når du stemmer. 

Slik sjekkar du om du står i manntalet

Alle kommunar i Noreg er pålagde å gjere manntalet offentleg tilgjengeleg, det skal ligge ute til ettersyn gjennom heile valet. 

For å få tilgang til manntalet for Haram kommune kan du kontakte innbyggarservice ved Haram tenestehus. Opningstida er måndag-fredag kl 09.00-14.30. Du kan kome innom eller ta kontakt på telefon 70 20 75 00.

Personar som meiner at dei sjølv eller andre feilaktig har vorte innførte i eller utelatne frå manntalet i kommunen, kan krevje at feilen blir retta.

Eit slikt krav må vere skriftleg og grunngitt, og skal sendast Haram valstyre på ein av følgande måtar:

  • E-post: postmottak@haram.kommune.no (merk e-posten med “Haram valstyre”)
  • Postadresse: Haram kommune v/ Haram valstyre, postboks 33, 6282 Brattvåg