UKM Haram er tilbake

Den 15. og 16. mars er det duka for UKM-helg på ID-huset. Blir du med på festen?

Tre kvinner held fargerike ballongar, alle smiler mot kamera - Klikk for stort bileteTove Laila-Bjerke, Eva Ulla Myren og Ingvild Haram ønsker alle ungdommar i Haram velkomen til UKM i mars Haram kommune

I 2024 vart det av ulike årsaker ingen UKM-arrangement i Haram. Men i år er alt lagt til rette for ei helg full av ung kultur.

Tove-Laila Bjerke, Eva Ulla Myren og Ingvild Haram er nokre av dei som står i bresjen for årets UKM Haram, og som natuleg nok ser ekstra fram til arrangementet.

 - Vi er godt i gang med planlegging av UKM-helga, og vi gler oss til at vi forhåpentlegvis klarer å fylle ID-huset med song, dans, kunst og alt i mellom der, når arrangementet går av stabelen i mars,  fortel dei.

Kva er UKM?

UKM står for Ung Kultur Møtast, og skal gi ungdom mellom år ein plass å vise fram det dei driv på med! Rockeband, dikt, trylling, triksing, song, hip-hop, dans, folkedans, teater, handarbeid, foto, design, - kan det visast fram på ei scene eller ei utstilling kan du delta på UKM! Du kan delta åleine, i lag med ein venn, eller i ei gruppe.

 - UKM er ein plass for å møte andre, ha det gøy, få inspirasjon, bli trygg, og øve seg på å stå på ei scene eller delta på ei utstilling, seier Ingvild Haram. - Ingenting er for bra eller dårleg til å delta!

 - I Haram er påmeldinga open for ungdom mellom 10-20 år. Alle som deltar vil få tilbakemelding frå eit fagpanel, med råd og tips om korleis ein kan utvikle seg, forklarar Tove-Laila Bjerke. Ho jobbar til dagleg ved Ingebrigt Davik-huset, og er koordinator for UKM Haram.  - Nokre bidrag vil bli valde ut av fagpanelet til å representere Haram på ein fylkesfestival for Møre og Romsdal. Deltakarar som skal delta i fylkesfestivalen må fylle 13 år i 2025.

UKM-damene vil likevel gjerne ha med deltakarar under 13 år i det lokale arrangementet, og er heilt einige i Ingvild sin kommentar: - For oss er alle deltakarane like viktige.

 - For å kome til fylkesfestivalen til UKM, må du fylle 13 år i 2025, fortel Tove-Laila Bjerke. Ho jobbar til dagleg ved Ingebrigt Davik-huset, og er koordinator for UKM Haram. - Men alle barn og unge som er fødde i 2015 eller seinare er hjatleg velkomne til å vere med i det lokale arrangementet. Alle som deltar vil få ei tilbakemelding frå fagpanelet vårt, med tips og råd til korleis ein kan utvikle seg vidare. 

Skilt med fargerik plakat og ballongar - Klikk for stort bilete

Forestilling, utstilling og workshop

UKM Haram 2025 går altså av stabelen på Ingebrigt Davik-huset søndag den 16. mars. Då får deltakarane vise seg fram både frå scena og i utstilling.

Laurdag den 15. mars er det også planlagt for kreativ workshop for alle som har lyst å vere med. 

 - Kva type workshop det blir er ikkje heilt bestemt enno. Vi legg ut informasjon på den lokale UKM-sida så snart vi har fått spikra dette, seier Eva Ulla Myren og avsluttar med ei oppfordring til alle ungdommar der ute:

Driv du på med noko som kan stillast ut i ei utstilling eller visast fram på ei scene? Meld deg på UKM og vis kva du kan! 

Lyst til å vere med som ung arrangør?

Om har du ikkje lyst til å vise fram noko på scena, kan du melde deg på som ung arrangør. 

 - Vi vil gjerne ha med ungdommar som teknikarar, konferansierar og fotografar/filmskaparar, fortel Tove-Laila.  Alle som melder seg på i desse kategoriane vil få opplæring før arrangementet, du treng ikkje å kunne noko på førehand.

Påmelding

Du kan melde deg på UKM Haram, både som deltakar eller arrangør, på nettsida til UKM Haram:

 Meld deg på UKM Haram her

Dersom du har spørsmål rundt arrangementet kan du kontakte Tove Laila Bjerke på telefon 40 85 35 80 eller e-post tove.laila.bjerke@idhuset.no.

Vi gler oss til UKM-fest i Haram igjen, og håpar å sjå nettopp DEG der! Velkomen skal du vere!