Tre nye fastlegar til Haram

Haram kommune har i løpet av mai månad tilsett tre nye legar ved Brattvåg legekontor. 

Kvinne i legefrakk - Klikk for stort bileteShavithra Ravinthrakumar startar opp ved Brattvåg legekontor den 10. juni. Privat

- Vi er glade for å presentere Schirin Stavik, Lene Dahl og Shavintra Ravinthrakumar som nye fastlegar ved Brattvåg legekontor, seier Frode Bøe Hatlelid, kommunalsjef for Livsløp.

Han er svært fornøgd med tilsettingane, og ser fram til å ønske legane velkomne til Haram.

-Vi ser fram til å auke talet på fast tilsette legar og styrke legekollegiet i Haram, seier han. - Dette vil forbedre pasientbehandlinga, og styrke fag- og arbeidsmiljø. Resultatet blir bedre helsetenester for innbyggarane våre.

 

Shavintra Ravinthrakumar er den første av dei tre til å starte i jobben, og vil vere på plass i Haram allereie frå den 10. juni. Ho er oppvaksen i Brattvåg, og ser fram til å starte på jobben i heimbygda.

-Brattvåg har eit flott og nytt legekontor, som eg no får gleda av å vere ein del av. Eg håper dette vert starten på stabilitet blant fastlegar i Haram, seier ho.

Kvinne med langt mørkt hår - Klikk for stort bileteSchirin Stavik er på plass ved Brattvåg legekontor i løpet av september i år Privat Kvinne med langt lyst hår, kvit bluse - Klikk for stort bileteLene Dahl startar som fastlege ved Brattvåg legekontor i august/september Privat

I løpet av august og september vil også Lene Dahl og Schirin Stavik ha starta opp i sine stillingar.

-Eg gler meg til å starte som fastlege, og trur eg kjem til å trivast svært godt i Brattvåg, seier Lene Dahl.