Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2026 - Haram kommune

Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2026

Haram vindkraftfond har no gjort vedtak om tildelingar for 2026.

Det kom inn heile 45 søknader, med eit totalt søknadsbeløp på kr 7 666 792,-.  To av søknadane blei ikkje vurderte, då ein av dei kom inn etter fristen, og ein kom frå søkar utanfor det geografiske området til fondet. 

Det var ei jamn fordeling av søkarar frå alle dei fire øyane som ligg innanfor det geografiske området som blir påverka av vindkraftverket.

Auka potten for utdeling til 1,2 millionar kroner

Midlane frå vindkraftfondet skal i hovudsak nyttast til ulike prosjekt som fremje kultur, næring og ulike fritids- og friluftstilbod. 

I 2026 er midlane fordelt slik:

  • Kr 200 000,- til tiltak retta mot barn og unge
  • Kr 1 000 000,- til næringsutvikling, frilufts-, fritids- og kulturtilbod.

Tildeling for 2026

I styremøte den 26. mars 2026 gjorde styret i Haram vindkraftfond vedtak om fordeling av årets midlar.

Søknader som ikkje nådde opp i år, vert oppmoda til å søke igjen neste år.

Utdeling av midlane skjer i arrangement ved Nordøyane grendahus på Longva, måndag 11. mai kl 18.00.

I 2026 er midlane frå vindkraftfondet fordelt slik:

Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2026
SøkarTiltakKategoriTildelt beløp
Fjørtoft Turn- og IdrottslagTilrettelegging for rullestolbrukarar, aktivitetsparkFritid/friluft35 000,-
Lepsøy skulekorpsMusikkopplæringstilbod for barn og ungeBarn og unge25 000,-
HaNo FKSkifte lys i Nordøyhallen og tilordne uteområdeKultur/fritid270 000,-
Folkehelseområdet på HaramsøyOppgradering av nye apparat og utstyrBarn og unge50 000,-
Flem skulekorpsKorpsturBarn og unge25 000,-
Foreninga Longva kunstnarresidensBrannsikring av lokaletNæring150 000,-
Olaus Fjørtoft senterOlaus FRAM kulturspelKultur150 000,-
UL UreddOppretthalde kinotilbodetBarn og unge50 000,-
Ungdomslaget FramKombinasjonsbygg lager og snekkerverkstadBarn og unge100 000,-
Wagner anleggserviceLadepunkt ved Longva servicesenterNæring250 000,-
U.L. Samhald, NordøyLyd- og lysutstyrKultur45 000,-
Haramsøy IdrottslagNy tursti frå Folkehelseområdet til vasstankenFritid/friluft50 000,-
Totalt1 200 000,-

 

Her kan du lese vedtektene for Haram vindkraftfond (PDF, 125 kB)