Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2025 - Haram kommune

Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2025

Haram vindkraftfond har no gjort vedtak om tildelingar for 2025.

Det kom inn heile 36 søknader, med eit totalt søknadsbeløp på kr 3 461 253,-.  Fire av søknadane blei ikkje vurderte, då tre av dei kom inn etter fristen, og ein kom frå søkar utanfor det geografiske området til fondet. 

Det var ei jamn fordeling av søkarar frå alle dei fire øyane som ligg innanfor det geografiske området som blir påverka av vindkraftverket.

-Vi har fått inn mange og svært gode søknader, også søknader som gjeld næringsutvikling, seier Vebjørn Krogsæter, styreleiar i Haram vindkraftfond. - Desse søknadene har vi prioritert, og vi er særleg glade for å kunne gi tilskot til lokal kunstnæring.

Auka potten for utdeling til 800 000 kroner

På grunn av fleire gode søknader valde styret i vindkraftfondet å auke det totale tildelingsbeløpet frå kr 650 000 til kr 800 000,-

Midlane frå vindkraftfondet skal i hovudsak nyttast til ulike prosjekt som fremje kultur, næring og ulike fritids- og friluftstilbod. 

I 2025 er midlane fordelt slik:

  • Kr 200 000,- til tiltak retta mot barn og unge
  • Kr 600 000,- til næringsutvikling, frilufts-, fritids- og kulturtilbod.

Tildeling for 2025

I styremøte den 10. april 2025 gjorde styret i Haram vindkraftfond vedtak om fordeling av årets midlar.

Søknader som ikkje nådde opp i år, vert oppmoda til å søke igjen neste år.

Utdeling av midlane skjer i arrangement i Bankvegen 2 på Haramsøy, onsdag 29. april kl 19.00.

I 2025 er midlane frå vindkraftfondet fordelt slik:

Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2026
SøkarTiltakKategoriTildelt beløp
Fjørtoft Turn- og IdrottslagTilrettelegging for rullestolbrukarar, aktivitetsparkFritid/friluft35 000,-
Lepsøy skulekorpsMusikkopplæringstilbod for barn og ungeBarn og unge25 000,-
HaNo FKSkifte lys i Nordøyhallen og tilordne uteområdeKultur/fritid270 000,-
Folkehelseområdet på HaramsøyOppgradering av nye apparat og utstyrBarn og unge50 000,-
Flem skulekorpsKorpsturBarn og unge25 000,-
Foreninga Longva kunstnarresidensBrannsikring av lokaletNæring150 000,-
Olaus Fjørtoft senterOlaus FRAM kulturspelKultur150 000,-
UL UreddOppretthalde kinotilbodetBarn og unge50 000,-
Ungdomslaget FramKombinasjonsbygg lager og snekkerverkstadBarn og unge100 000,-
Wagner anleggserviceLadepunkt ved Longva servicesenterNæring250 000,-
U.L. Samhald, NordøyLyd- og lysutstyrKultur45 000,-
Haramsøy IdrottslagNy tursti frå Folkehelseområdet til vasstankenFritid/friluft50 000,-
Totalt1 200 000,-

 

Her kan du lese vedtektene for Haram vindkraftfond (PDF, 125 kB)