Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2024

Haram vindkraftfond har no gjort vedtak om tildelingar for 2024.

Det kom inn heile 27 søknader innan fristen, med eit totalt søknadsbeløp på kr 1 786 231,-. Det var ei jamn fordeling av søkarar frå alle dei tre øyane som ligg innanfor det geografiske området som blir påverka av vindkraftverket.

Vi er fornøgd med antal tiltak det er søkt om støtte til, men saknar fleire søknader som gjeld næringsutvikling, seier Vebjørn Krogsæter, styreleiar i Haram vindkraftfond.

450 000 kr til utdeling

Midlane frå vindkraftfondet skal i hovudsak nyttast til ulike prosjekt som fremje kultur, næring og ulike fritids- og friluftstilbod. 

I 2024 er midlane fordelt slik:

  • Kr 150 000,- til tiltak retta mot born og unge
  • Kr 300 000,- til næringsutvikling, frilufts-, fritids- og kulturtilbod.

 

Tildeling for 2024

I styremøte den 10. mai 2024 gjorde styret i Haram vindkraftfond vedtak om fordeling av årets midlar.

Søknader som ikkje nådde opp i år, vert oppmoda til å søkje igjen neste år.

Utdeling av midlane skjer i arrangement på ungdomshuset Fjelltun på Haramsøy, onsdag 12. juni kl 18.00

I 2024 er midlane frå vindkraftfondet fordelt slik:

Tildelingar frå Haram vindkraftfond for 2024
SøkarTiltakTildelt beløp
Lepsøy IdrettslagFrisbeegolf (utviding)30 000,-
Lepsøy skulekorpsFelles aktivitetar for betre samhald50 000,-
UL UreddFritidstilbod barn/unge50 000,-
Haramsøy Nordøy FotballklubbFerdigstilling av garderobar75 000,-
Folkehelseområdet på HaramsøyUtruste «skulenaust» - utstyr til ulike aktivitetar90 000,-
Siv Ulla OtterleiInformasjonsskilt/turistinfo ved Ulla småbåthamn45 000,-
Linda VedeldKreativt arbeid i Attelier SeaLo på Flem30 000,-
Seaside CustomGarasjeport, lakkhall30 000,-
UL FramPA-anlegg på Framtun50 000,-