Tilbod om barnehageplass blir snart sendt ut
Har du søkt barnehageplass i Haram innan fristen for hovudopptak den 1. mars? Då får du svar på søknaden din eller informasjon om opptak rundt den 24. mars.
Om du ikkje får tilbod om plass i ein av barnehagane du har søkt på, vil vi ta kontakt med deg.
Dersom du søker eller har søkt etter 1. mars, vil du bli sett på venteliste. Då får du tilbod når barnehagen har ein ledig plass.
- Rett til barnehageplass gjeld i kommunen der barnet bur.
- Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i perioden januar - august har rett til plass i august det året dei fyller eitt år.
- Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i september, oktober eller november har rett til barnehageplass innan utgangen av den månaden dei fyller eitt år.
- Barn utan barnehageplass som fyller eitt år i desember har rett til barnehageplass førstkomande august etter at dei har fylt eitt år.
- Eldre barn utan barnehageplass har rett til plass i august.
- Du kan søke om barnehageplass utan at barnet bur i Haram, men barnet må ha bustadadresse i Haram ved oppstart.
Markus Spiske/Unsplash
Husk å svare på tilbod om plass
Kommunen sender ut tilbod om barnehageplass via føresettportalen. Husk at du må svare på tilbodet innan fristen, denne er spesifisert i tilbodsbrevet. Svar skal også sendast via portalen.
Gå til føresettportalen
Sist endra 14.03.2025 13.35