Haram kommune
Søknader som kjem inn etter fristen, vil bli behandla løpande dersom det er ledige plassar.
Les meir om korleis du søker barnehageplass og korleis opptaket føregår
Søknad
Det er felles søknad og opptak til både private og kommunale barnehagar. Du må søke elektronisk via Føresettportalen, her må du logge inn med ID-porten. Søknadsskjema finn du under fanen “barnehage”.
Gå til søknad om barnehageplass
Hovudopptaket skjer i starten av mars, og tilbod om plass blir sendt ut i løpet av mars månad.
Informasjon om barnehageplass og utbygging i Tennfjord
Tennfjord barnehage skal i gong med ei planlagt utbygging for å møte det aukande behovet for barnehageplassar i området. Fram til det nye bygget står klart, vil vi tilby barnehageplass i midlertidige, eigna lokale på Vatne. Kommunen vil kome tilbake med informasjon om kva tidsrom dette vil gjelde. Tilbodet følger dei same pedagogiske planane og kvalitetane som i den ordinære barnehagen, og vi ser fram til å ta imot nye barn og familiar. Ta kontakt med styrar Gro Olsen Jenssen ved spørsmål.
Barnehagetilbodet
Her finn du oversikt over alle barnehagane i Haram.