Tar i bruk kunstig intelligens til journalføring ved legekontora

Haram kommune tar i bruk kunstig intelligens (KI) til journalføring ved legekontora. Målet med dette er å bidra til at legane får ein meir effektiv arbeidskvardag, som gir meir tid til å fokusere på deg som pasient.

Haram kommune jobbar kontinuerleg med å implementere teknlogi som gjer tenestene våre betre for innbyggarane. For å sikre meir effektive helsetenester, vil Vatne, Brattvåg og Haramsøy legekontor nytte KI som hjelpemiddel i oppgåver med dokumentasjon, journalføring og saksbehandling. 

Slik fungerer det

Under konsultasjonen mellom legen og deg som pasient blir samtalen tatt opp. Dette gjer at legen ikkje treng å skrive journalnotatet samtidig som hen snakkar med deg, men kan konsentrere seg fullt ut om samtalen de har. Etter konsultasjonen brukar legen KI-verktøy til å generere eit journalnotat basert på samtalen. Legen går deretter gjennom notatet, kontrollerer det, og kvalitetssikrar innhaldet før det vert lagt inn i pasientjournalen din.

Fordelar for pasient og lege

Bruk av kunstig intelligens støttar helsepersonellet med tidkrevjande prosessar, noko som gir fordelar både for pasienten og behandlaren:

  • Meir tid med legen: Ved hjelp av KI blir det administrative arbeidet for legen redusert, noko som frigir tid til pasientkonsultasjonar. 
  • Auka effktivitet og nøyaktigheit : KI-verktøyet sikrar raskare handtering av informasjon, og bidreg til ei meir presis gjengiving av det som blir sagt, både frå legen og pasienten.
  • Fokus på kvalitet: Teknologi blir eit verktøy som støttar helsepersonellet, men aldri erstattar dei. Pasientar opplever ein meir personleg og fokusert konsultasjon.

Tryggleik og personvern

Vi tek personvernet ditt på høgaste alvor. Opptaket av samtalen vert sletta straks journalnotatet er ferdigstilt, og all handtering av data skjer i tråd med europeisk personvernlovgjeving (GDPR).

Pasientar som ønsker det, kan reservere seg mot opptak. Det er likevel viktig å merke seg at dei då ikkje vil kunne dra nytte av fordelane knytt til denne metoden.

På nettsida www.noteless.no kan du lese meir om KI-verktøyet