Takk for festen, Eidet skule!

Torsdag 2. oktober blei endeleg Eidet skule offisielt opna. Dagen vart markert med fest og god stemning, både for elevar, tilsette, entreprenørar og for bygdefolket.

Skulefest med stor S

I første del av feiringa var elevar, tilsette og inviterte gjestar samla i den festpynta kulturhallen. På programmet stod både fleire talar og framvising av årets BlimE-dans, i tillegg til ulike sceneinnslag. Under framføring av skulesongen stemte heile forsamlinga i, og sang så sterkt og fint at rektor Ole etterpå måtte innrømme at det kom ei tåre i augekroken.

 10. trinnselevane Mara Victoria Mitric og Aleksy Kozlowski var stødige konferansierar, og flinke elevar frå mellomtrinnet stod for flott underhaldning. Etter endt program venta det velfortent sjokoladekake på alle klasserom.

Samarbeid i fokus

Entreprenørar og samarbeidspartnarar var også til stades for å markere at Eidet skule no er både i drift og offisielt opna. Under den faglege markeringa rakk gjestane både å få omvising på bygget og servering i kantineområdet, før det vart meir høgtidleg samling i amfiet med talar og gåveoverrekking.

Talarane løfta fram det gode samarbeidet, både mellom ulike aktørar,  underleverandørar og med kommunen, som ein nøkkelfaktor i det omfattande prosjektet. Det vart også understreka at Eidet skule skal vere meir enn berre ein skule: Med bibliotek, idrett og kultur under same tak, er målet at bygget skal bli ein levande møteplass for heile bygda.

Ope hus og folkefest

Til slutt var det bygdefolket sin tur til å feire bygda sitt nye samlingspunkt. Det store oppmøtet viste tydeleg at engasjementet og interessa var stor.

Frå scena fekk publikum sjå videopresentasjonar om byggeprosessen, om skulen, biblioteket og kulturhallen. Dei fekk også høyre talar, - og sjølvsagt oppleve snorklipping og konfettiregn!

Vatne Hornmusikklag opna arrangementet med ein mektig fanfare, før ordførar Vebjørn Krogsæter heldt sin velkomsttale.

Ved å bygge denne skulen har Haram kommune gjort ei viktig og framtidsretta investering. Å satse på gode oppvekstvilkår og utdanning er å satse på framtida. Eg håper elevane her vil kjenne på meistring, tryggleik og fellesskap med både medelevar og tilsette.

(utdrag frå ordføraren sin tale)

Også kommunedirektør Anders Norvald Hammer og leiar for Vatne og omland pensjonistlag, Leif Hofset, kom med helsingar til elevar, tilsette og alle som blir brukarar av det nye skulebygget.

I den siste delen av arrangementet fekk alle besøkande anledning til å sjå seg rundt både på skulen og i biblioteket. Der blei dei blei tatt i mot av ungdomsskuleelevar som fortalde og forklarte om bruken av dei ulike undervisningsromma og korleis kvardagen deira er i ny skule.

Takk til alle, både små og store, ved Eidet skule og Eidet bibliotek for ein strålande festdag! Vi håpar at det nye bygget blir eit varmt og inkluderande rom for læring, leik og fellesskap i mange, mange år framover.