Stortings- og sametingsvalet 2025 - Tidlegstemming

Har du ikkje høve til å stemme i førehandsstemmeperioden eller på valdagen? Då kan du tidlegstemme. 

Når kan du tidlegstemme? 

Du kan tidlegstemme frå 1. juli til 8. august 2025. 

 Kvar og korleis? 

Tidlegstemming skjer etter avtale med kommunen. For å avtale tid, ring oss på telefon 70 20 75 00 eller kom innom hos innbyggarservice på Haram tenestehus. Opningstida er måndag-fredag kl 09.00-14.30.

Her finn du kontaktinformasjon til innbyggarservice

Kva er tidlegstemming? 

Tidlegstemming er ei ordning for deg som veit at du ikkje kan stemme i den ordinære førehandsstemmeperioden frå 11. august til 5. september eller på valdagen 8. september. Dette kan til dømes gjelde om du skal reise bort, er sjuk, eller har andre grunnar.