Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomité på Haramsbesøk

Tysdag den 12. mars kjem Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomité og  statsforvaltaren i Møre og Romsdal på besøk til Haram. Her skal dei treffe kommunen si administrative og politiske leiing, møtet skjer på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. 

I løpet av den inneverande stortingsperioden er det planlagt for at kommunal- og forvaltningskomitéen skal besøke alle fylka i landet, og no er turen komen til Møre og Romsdal. Føremålet med besøket er at komitéen skal få eit godt bilete av kva fylket har lukkast med, og av kva utfordringar innbyggarane og lokale og regionale myndigheiter står ovanfor. 

Lokal stortingsrepresentant gjestar heimkommunen

Portrettfoto av kvinne - Klikk for stort bileteBirgit Oline Kjerstad er stortingsrepresentant og medlem av kommunal- og forvaltningskomitéen. Stortinget

Eit av medlemmene i stortingskomitéen er Birgit Oline Kjerstad. Ho kjem frå Longva, men vekependlar for tida til Oslo for å vere stortingsrepresentant for Møre og Romsdal. No kjem ho på besøk til heimkommunen, for å få eit innblikk i status i kommune-kvardagen her. 

-Kommunal- og forvaltningskomitéen skal ut på ei intensiv reise til Møre og Romsdal som starter på Vigra, og ender i Kristiansund, fortel Birgit Oline Kjerstad. - Tysdag går turen også til Haram, og det blir jo litt spesielt å kunne ta med resten av komiteen «heimatt» og la dei bli betre kjent med denne delen av Sunnmøre, seier ho.

-I komitéen har vi med ei rekke viktige saker som gjeld kommune-Noreg å gjere, fortel ho vidare.  - Mellom anna jobbar vi no med behandling av inntektssystemet i kommunane. I samband med dette arbeidet vil vi gjerne høyre om kva utfordringar Haram og andre kommunar står i. Kva må til for at kommunane skal kunne tilby likeverdige tenester til innbyggarane sine, og korleis kan vi vere med på å legge til rette for dette? Vi er elles sjølvsagt også interesserte i å høyre om korleis det går i nye Haram etter kommunedelinga. 

I løpet av timane komitéen skal vere i Haram skal dei også utom Nordøyane, mellom anna på eit bedriftsbesøk hos Northern Islands Technology AS og Kongsberg Maritime AS på Longva.  

-Eg gler meg til å vise kollegaene mine den flotte plassen vi bur på, seier Kjerstad. - På turen utover vil eg nytte anledninga til å fortelje litt om historia til lokalsamfunna våre her ute. Eg er oppteken av viktigheita av desse, og korleis vi kan gjere området attraktivt å bu og arbeide i. 

Status Haram

Portrettbilde av mann i dress - Klikk for stort bileteOrdførar Vebjørn Krogsæter Haram kommune

Ordførar Vebjørn Krogsæter ser også fram til besøket frå stortingskomitéen. 

-Vi er glade for at kommunal- og forvaltningskomitéen kjem hit slik at vi kan orientere dei om arbeidet med nye Haram kommune, og gler oss til å vise fram både næringslivet, Nordøyvegen og naturen vår, seier han.

Når han tar imot gjestane på Ingebrigt Davik-huset, vil han, saman med kommuneadministrasjonen, halde ei orientering om status i Haram. Tema under orienteringa vil mellom anna vere demografiutvikling, rammevilkår og prioriteringar i Haram. Ein vil også legge fram status og prosess når det gjeld kommunedelinga, og elles orientere om samarbeid rundt utdanning, rekruttering og næringsutvikling på Sunnmøre.