«Storsvær» og godt besøkt nyopning av Haramsøy skule

Onsdag den 24. januar vart ein festdag for elevar og tilsette ved Haramsøy skule. Då var det offisiell opning av det flotte nybygget, og open skule-arrangement med fleire hundre besøkande.

Haramsøy skule kunne stolt markere ferdigstilling av eit nytt tilbygg og at store delar av skulen no var ferdig renovert.

Festdagen starta i det nye amfiet, med offisiell opning for inviterte gjestar.  Elevrådet, med elevrådsleiar Sondre Ravnestad i spissen, skrudde inn siste skruen og erklærte nybygget for opna. Så følgde talar, helsingar og underhaldningsinnslag. 

Fleire hundre besøkane under open skule

På ettermiddagen var skulen open for alle som ville kome for å sjå, og i løpet av dei tre timane arrangementet varte var fleire hundre besøkande innom dørene. Både elevar og tilsette var til stades, og baud på omvising og aktivitet over heile huset. Mellom anna viste dei fram det nye tilbygget, som i tillegg til amfiet inneheld både musikkrom, bibliotek, garderobar og arbeidsplassar og areal for tilsette.

- Ein storsvær og kjekk dag!

Slik oppsummerte rektor Kenneth Ulla den vel gjennomførte nyopninga.  - Takk til alle som besøkte oss og for alle fine tilbakemeldingar. Det betyr mykje for både elevane og dei tilsette ved skulen vår.

I bildekarusellen finn du nokre glimt frå den flotte markeringa. Du kan også lese meir om og sjå fleire bilde frå markeringa på Haramsøy skule si fine Facebook-side.

Her kan du sjå Haramsøy skule si Facebook-side