Status rundt barnehageopptak i Haram

Har du søkt barnehageplass i Haram? Her finn du ein kort status rundt vidare prosess i opptaket for det komande barnehageåret.

Barn leikar i sandkasse - Klikk for stort bilete Markus Spiske/Unsplash

Fristen for å søke om barnehageplass for barnehageåret 2024/2025 er no ute, og kommunen har gått gjennom alle innkomne søknader.  

Alle med rett til plass får eit barnehagetilbod

Den 21. mars avgjer Haram kommunestyre om Hildre barnehage og Utigarden barnehage As skal driftast vidare. På grunn av den politiske behandlinga av dei to sakene er det ei forseinking i vidare arbeid med barnehageopptaket.

Vi vil presisere at uavhengig av kva avgjersler kommunestyret tar i desse sakene, vil alle barn med rett til plass få eit barnehagetilbod i kommunen frå 1.  august. 

Dette gjeld også dei som har plass og har søkt om plass ved Utigarden barnehage og Hildre barnehage. 

Når får eg svar på søknaden min?

Plassering av barn startar 22. mars, og kommunen sender ut tilbod via føresettportalen 2. april. 

Gå til føresettportalen