Søvik barnehage har fått sitt eige bibliotek

I Søvik barnehage er det lagt ekstra godt til rette for å skape leselyst hos dei små, dei har nemleg fått sitt eige tøyveskebibliotek.

Eit barn held ei tøyveske over skuldra. Kikar opp mot ei bokhylle og ein knagg full av tøyvesker - Klikk for stort bilete Søvik barnehage

Tøyveskebiblioteket «Les med meg» er eit initiativ for å fremme leselyst og gode lesevanar frå tidleg alder, og er eit samarbeid mellom bibliotek og barnehage. 

Kort fortalt fungerer ordninga på den måten at Haramsbiblioteka ordnar med ferdig pakka tøyvesker, som er fylte med spennande barnebøker klare til utlån. Søvik barnehage tar seg av formidling av tilbodet, og sørger for at tøyveskene er lett tilgjengeleg og synlege i barnehagen.

To bokhyller med bildebøker på vegg. Under er det ei knaggrekke der det heng fleire kvite tøyvesker - Klikk for stort bileteTøyveskebiblioteket er plassert synleg og lett tilgjengeleg for både barn og vaksne ved Søvik barnehage Søvik barnehage

 - Tøyveskebiblioteket gjer at barna og foreldra deira enkelt kan låne med ei veske med høglesingsbøker heim frå barnehagen, og levere den tilbake på same stad, fortel Martine Volstad. 

Ho er styrar ved Søvik barnehage, og er svært fornøgd med den nye ordninga.

 - Dette tilbodet er perfekt for dei som kanskje ikkje har så mange bøker heime, eller for dei som i ein travel kvardag ikkje alltid rekk å besøke biblioteket. 

Vil doble kapasiteten 

 - Biblioteket har vore kjempepopulært, og det virkar som at både barn og foreldre set pris på tilbodet, fortel Martine vidare. -Eg har faktisk gått i dialog med Haramsbiblioteka for å få dobla talet på posar fordi etterspørselen er så stor. Det er kjekt å sjå at det er mange forskjellige lånarar, og at vi får med heile barnehagegruppa.

Martine seier at sjølv om det følger litt administrering med tilbodet, er det verkeleg verdt tida det tar å holde i orden på både utlån, innlevering og rullering av bøker.

- Å ha eit eige bibliotek tek berre nokre minutt ut av arbeidsdagen min, og både barna og foreldra er veldig flinke til å halde orden når dei låner eller leverer inn bokposane, seier ho.

- Og når vi tenker på kor stor verdi tilbodet kan ha for barna si interesse for lesing, både no og i framtida, er det fleire gongar verdt tida ein bruker på rydding og organisering. Vi veit at høgtlesing gir gode opplevingar og utviklar både språk og fantasi, i tillegg til at det kan stimulere til gode leseferdigheiter. Målet er at vi kan bidra til nettopp dette ved å ha eit slikt tilbod i barnehagen vår.

To kvinner står ved sidan av kvarandre, dei held fram ein plakat og ei tøyveske. Bokhyller med bøker i bakgrunnen - Klikk for stort bileteJasmina Maksumic frå Brattvåg bibliotek og Martine Volstad, styrar ved Søvik barnehage, har hatt eit flott samarbeid rundt prosjektet med tøyveskebibliotek Haram kommune

Eit tilbod å anbefale

Både styrar Martine og resten av personalet ved barnehagen er skikkeleg stolte av kor bra tøyveskebiblioteket har fungert hos dei.
- Vi håper at tøyveskebiblioteket blir eit varig tilbod her i Søvik barnehage, og gler oss til å samarbeide vidare med både biblioteket og med heimane, fortel ho.

- Som styrar er eg oppteken av å finne nye, innovative løysingar som ikkje berre utviklar oss som barnehage, men også skaper glede og entusiasme blant barn, foreldre og personal. Og tøyveskebiblioteket opplever eg er ei slik løysing.

-Vi er stolte av å vere pilotbarnehage for dette prosjektet i Haram, og no håpar vi at initiativet vårt vil inspirere andre barnehagar i heile kommunen til å følge etter, avsluttar Martine Volstad.