Søk om kulturmidlar eller økonomisk støtte til ungdomsklubbar

Frå og med 1. mars er det opna for søknader om kulturmidlar og tilskotsordning for ungdomsklubbar. Søknadsfrist er den 15. april.

Ordinære kulturmidlar

Lag og foreiningar heimehøyrande i Haram kommune kan søke om kulturmidlar frå kommunen.

Dei ordinære kulturmidlane er delt inn i tre kategoriar:

  • Song og musikk
  • Idrett og fysisk aktivitet
  • Frie lag og organisasjonar


Felles for alle aktivitetane er at dei må vere retta inn mot barn og unge for å få tilskot. 

Her finn du meir informasjon og link til søknadsskjema

Økonomisk støtte til ungdomsklubbar

Ungdomsklubbar og lag/foreiningar som driv ungdomsklubb i Haram kan søke om økonomisk støtte frå kommunen til drift eller prosjekt.

Her finn du meir informasjon og link til søknadsskjema