Sei di meining i digital innbyggarundersøking

I arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel vil Haram kommune gjerne ha innspel frå innbyggarane i kommunen. 

Gruppe menneske med like t-skjorter med qr-kode - Klikk for stort bileteDenne blide gjengen utgjer samfunnsutvalet i Haram kommune. F.v. Kathrine P. Beite, Øyvind Skjelten, Caroline K. Grønli, Ståle Grytten og Hilde B. Ellinsæter Haram kommune

Det nyoppretta samfunnsutvalet i Haram kommune er no i gang med å involvere innbyggarane i arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, og dei vil ta i bruk også nettbaserte plattformer for å få innspel frå deg som bur og lever i Haram. Det er difor laga ei digital innbyggarundersøking, der vi ønsker at flest mogleg vil svare på kva som bør kjenneteikne Haram i framtida. 

Kva skal til for at innbyggarane i kommunen vår skal oppleve at Haram er ein trygg og god plass å bu? 
Det vil vil gjerne høyre di meining om, og i perioden 7. juni til 13. september 2024 kan du gi oss innspel rundt dette i den digitale undersøkinga vår. 

Korleis delta i undersøkinga?

Undersøkinga kan svarast på både via pc og mobil. Du kan vere anonym, men vi treng å vite alderen din for å få svar på kva som er viktig for dei ulike aldersgruppene.

Du kan gå til undersøkinga ved å skanne qr-koden til høgre, eller ved å følge denne linken:

Svar på Haram kommune si innbyggarundersøking

Takk for bidraget ditt og svara dine!

QR-kode - Klikk for stort bilete

Kva er kommuneplanen sin samfunnsdel?

Alle kommunar skal ha ein kommuneplan, denne skal ha ein samfunnsdel og ein arealdel. Arealdelen handlar om areala i kommunen og korleis vi disponerer dei. Samfunnsdelen skal vise hovudsatsingsområde, mål og strategiar for ønska utvikling av samfunnet vårt, og vere det overordna styringsdokumentet for alt vi gjer. 

I Haram kommune har vi no begynt på utarbeidinga av ny samfunnsdel, og målet er at planen skal vere ferdig og vedtatt av kommunestyret løpet av første kvartal i 2025. 

Kvifor vil vi høyre frå deg?

For å kunne lage ein god samfunnsplan med forankring også hos innbyggarane, er medverknad viktig. I mars vedtok Haram kommunestyre å sette ned eit samfunnsutval, som har til oppgåve er å sørge for nettopp det å involvere innbyggarar, foreldregrupper og næringsliv i arbeidet kommuneplanen sin samfunnsdel. Utvalet er tverrpolitisk og har fem medlemmar:

  • Caroline Kjerstad Grønli - Fremskrittspartiet (leiar)
  • Øyvind Skjelten - Arbeidarpartiet
  • Kathrine Pernille Beite -Høgre
  • Ståle Grytten - Industri- og Næringspartiet
  • Hilde Beate Ellingsæter - Senterpartiet

Gjennom prosjektperioden har samfunnsutvalet og kommuneadministrasjonen gjennomført fleire medverknadsaktivitetar. Mellom anna har det blitt arrangert dialogmøte med både næringslivet og frivillige lag og organisasjonar i kommunen, i tillegg til politisk verkstad med Haram kommunestyre.  Samfunnsutvalet og ordførar var også representert med stand under Myldredagane i Brattvåg i juni.

Til hausten skal det haldast workshop med både ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Samfunnsutvalet planlegg også deltaking med stand under HaNo-dagane i september, og deltaking i eit arrangement i Vatne Tennfjord-området. Meir informasjon vil kome.