Samlar næringslivet i nytt innovasjonsforum

Onsdag den 11. juni 2025 vart Nordre Innovasjonsforum etablert. Foreininga skal arbeide for å fremje eit konkurransedyktig og allsidig næringsliv, og attraktive lokalsamfunn i Haram og tidlegare Sandøy kommune. 

Menn og kvinner samla rundt eit bord - Klikk for stort bileteNordre Innovasjonsforum hadde sitt første møte den 11. juni 2025. F.v. Arnt Inge Gjerde, Tommas Brugrand, Catrine Myklebust, Inger Synnøve Remme, Rune Longva, Juuni Vatne, Norun Sønderland Nustad, Håkon Sæterøy, Jan-Magnus Knudsen, Vebjørn Krogsæter, Arvid Sundli, Arild Eiken og Anne Seth Haram kommune

Nordre Innovasjonsforum skal fungere som eit ressurssenter for læring, og stimulere til idéskaping og næringsutvikling i regionen. Forumet skal óg vere kjent for tett samarbeid med Haram kommune, utdanningsinstitusjonar og andre instansar og organisasjonar på lokalt og regionalt nivå.

Samlar krefter for vekst i regionen

Gjennom strategiske samarbeid skal Nordre Innovasjonsforum sørge for at det blir arbeidd på ein god og systematisk måte med næringsutvikling på Nordre. Forumet ønsker å ta tak i saker som omhandlar gode rammevilkår for det lokale næringslivet, inkludert å sikre tilgang på nødvendig kompetanse og arbeidskraft. Mellom anna vil utvikling av Haram vidaregåande skule bli ei viktig sak framover.

 - Næringslivet såg eit behov for ein sterk, lokal møteplass som kan samle næringsliv, kommune og utdanningsinstitusjonar, og stimulere til utvikling i Haram og gamle Sandøy. Difor tok næringslivet sjølv initiativet til å starte Nordre Innovasjonsforum. Dette forumet er viktig for å sikre at næringslivet i regionen får ei tydeleg stemme, tilgang på kompetanse og eit miljø for samarbeid og vekst, seier Rune Longva, styreleiar i Nordre Innovasjonsforum.

Tett samarbeid med Haram kommune

Haram kommune er ein viktig samarbeidspart, og kommunen sin næringssjef vert dagleg leiar for forumet. 

 - Vi er så heldige å ha eit næringsliv som er på, og som ønsker å ha eit tett og godt samarbeid med kommunen. Det er eit flott styre som representerer mangfaldet vi har, og som er opptatt av næringsutvikling i lokalsamfunnet», seier dagleg leiar og næringssjef Inger Synnøve Remme.

Nordre Innovasjonsforum ønsker å vere eit lokalt supplement til Næringsforeningen i Ålesundregionen og vil ivareta samarbeid med dei i det vidare arbeidet.

 - Med ein ny kommune på plass er det naturleg at eit forum med fokus på dei lokale sakene blir etablert, slik at kommunen kan ha handa på rattet. Det er positivt også for våre medlemsbedrifter i nordre del av regionen at det er tett kontakt med kommune og utdanningsinstitusjonar lokalt. Eg er sikker på at det vil vere mange saker og prosjekt vi kan ha godt samarbeid om, seier Heidi Nakken, administrerande direktør Næringsforeningen i Ålesundregionen.

Kontakt

Inger Synnøve Remme
Næringssjef
E-post
Telefon 99 42 41 39
Mobil 99 42 41 39