Plan og bygningslova § 10-1 fastset at ein minst éin gong i kvar valperiode, seinast innan eit år etter konstituering av nytt kommunestyre, skal utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi.
I Haram kommune legg ein opp til å rullere denne årleg i inneverande kommunestyreperiode, med bakgrunn i at vi vart ny kommune 1.1.2024. I denne rulleringa er endringane samanlikna med planstrategi vedtatt i 2024 (sak 058/24) først og fremst knytt til prioriterte planoppgåver i perioden.
Saksgang
Plan- og bygningslova slår fast at planstrategien skal gjerast offentleg kjent, minst 30 dagar før behandling i kommunestyret (§10-1). Forslaget til rullering vert lagt fram for formannskapet 10. juni og kommunestyret 19. juni.
Dokument i saka
Planstrategien er eit digitalt dokument, du finn den her:
Les planstrategi Haram kommune 2025-2028 (framsikt.net)
Dersom du ønsker å lese dokumentet i papirversjon, er denne tilgjengeleg hos innbyggarservice på Haram tenestehus frå 8. mai til 8. juni 2025.
Merknader til høyringa
Eventuelle innspel til rullering av planstrategi for Haram kommune må ha kome kommunen i
hende innan 10.juni 2025. Innspel kan sendast på ein av følgande måtar:
Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.
Ansvarleg: Kommunedirektøren sin stab