Resultata frå Ungdata 2024 er klare

Denne veka blir resultata frå Ungdata undersøkinga 2024 publisert. Dette skjer i samband med Arendalsuka.

Det er Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet, og sju regionale kompetansesenter innanfor rusfeltet (KORUS) som står bak Ungdata og Ungdata Junior. 

ungdata.no

Høg svarprosent gir verdifull innsikt

Skulane har brukt mykje tid og ressursar på å gjennomføre undersøkinga, og i Haram har vi i år ein svarprosent på 86% i barneskulen (5-7 trinn) og 90 % i ungdomsskulen. Eit datagrunnlag som vi er godt fornøgd med.  

Omfanget av datamaterialet er stort, men gir kommunen verdifull innsikt i og kunnskap om korleis ungdommane har det i Haram. Resultatet skal brukast aktivt som kunnskapsgrunnlag, som utgangspunkt for medverknad og til å evaluere dei tiltaka vi har og vurdere nye.  

Tverrfagleg samarbeid rundt resultata

I kommunen har vi starta jobben med å studere og behandle resultata, både internt i og mellom tenestene. Resultata krev tverrfagleg samarbeid og at ein samlast om satsingsområde.  Det viktigaste arbeidet i tida framover er å formidle og analysere tala saman med dei undersøkinga handlar om, nemleg barn og unge i skulen, elevråd, FAU og ungdomsrådet i Haram.

Det er ikkje store forskjellar frå resultatet i 2023, og det er sjeldan ein ser endringar frå år til år. Likevel ser ein at dei utviklingstrekka som har peika seg ut over tid nasjonalt, også er gjeldande for Haram. 

Dei aller fleste barn og unge i Haram fortel om gode og trygge oppvekstvilkår og høg livskvalitet.  

Positive utviklingstrekk

ungdata.no

NOVA løfta fram følgande positive utviklingstrekk i 2024 nasjonalt:

  • Fleire barn og unge deltek i faste fritidsaktivitetar
  • Færre er plaga av einsemd
  • Det er rapportert ein nedgang i psykiske helseplagar
  • Nedgangen i framtidsoptimisme har flata ut

I Haram ser ein også at fleire enn før seier at dei har ein fortruleg venn eller har vore ute med venner. Fleire trur også at dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv og fleire er med på faste fritidsaktivitetar og fritidsklubb. 

Samanlikna med fjoråret er det færre born på mellomtrinnet som opplever å bli stengt ute, plaga eller trua. Samtidig er det fleire som seier at dei har ein person dei kan snakke med om triste eller vanskelege ting.

Negative utviklingstrekk

Dei negative utviklingstrekka nasjonalt, blir av NOVA oppsummert slik:

  • Aukande mistrivsel i skulen
  • Fleire opplever at dei blir utsett for mobbing og ungdomsvald
  • Fleire er involvert i regelbrot
  • Auke i bruk av rusmiddel 

Utviklingstrekka gjeld også for vår kommune. Færre born i Haram enn nasjonalt er nøgd med skulen dei går på og fleire kjedar seg der. Dei brukar meir tid på skjerm samanlikna med nasjonale tal og fleire har opplevd negative hendingar på nett. 

Samanlikna med 2023 er det i årets undersøking fleire ungdommar i kommunen vår som trur at dei kjem til å leve eit godt og lykkeleg liv.  Likevel er trua på framtida lågare her i Haram enn nasjonalt, både når det gjeld tru på å fullføre utdanning, ta høgare utdanning og det å leve eit godt og lykkeleg liv.

I Haram, som i landet elles, kan ein sjå ein trend i at gutane generelt rapporterer om høgare livskvalitet enn jentene. 

Resultata frå Ungdata gir retning for vidare arbeid

Resultata frå årets Ungdata-undersøking er ikkje overraskande, og utviklingstrekka ein har skildra over har ein har sett over år. Kommunen arbeider allereie med fleire av utfordringane, til dømes er vi i oppstartsfase med utviklingsarbeid for skulane når det gjeld å skape trygge og inkluderande miljø. 

Her skal vi samarbeide med Høgskulen i Volda kring god klasseleiing, og Læringsmiljøsenteret i høve læringsmiljø igjennom Bry deg!-prosjektet. Vi har nyleg hatt ein fagdag ved regionleder i MOT, vi samarbeidar med mobbeombod i Møre og Romsdal og har etablert SLT; samordning av lokale rus og kriminalitetsførebyggande tiltak mot rus og kriminalitet. 

Kommunen ser fram til å arbeide vidare med det unike kunnskapsgrunnlaget Ungdata gir, i samarbeid med barn, unge, føresette og frivillige i Haram.   

Her finn du Ungdata-undersøkingane frå Haram kommune

Ungdata 2024 - Haram kommune

Ungdata junior 2024 - Haram kommune

Les meir

Norske barn og unge trives dårligere og dårligere på skolen - Ungdata