Regnbogeflagget er heist ved Haram tenestehus

Ordførar Vebjørn Krogsæter og kommunedirektør Anders Norvald Hammer har i dag heist regnbogeflagget utanfor Haram tenestehus.

Tenestebygg med regnbogeflagg i framgrunnen - Klikk for stort bileteRegnbogeflagget vil henge oppe utanfor Haram tenestehus i veke 24 Haram kommune

Dette gjer dei for å vise støtte til eit ope og inkluderande samfunn, der kjærleik, mangfald og toleranse er viktige verdiar.

Flagget vil henge oppe i perioden Ålesund Pride pågår, altså til og med 16. juni.

To menn heiser eit regnbogeflagg - Klikk for stort bileteKommunedirektør Anders Norvald Hammer og ordførar Vebjørn Krogsæter stod for flaggheisinga. Haram kommune

Ein kommune for alle

-På same måte som vi gjorde i tidlegare Haram, vel vi å markere Pride, seier ordførar Vebjørn Krogsæter. 

-Ved å heise regnbogeflagget ønsker vi å signalisere at vi vil vere ein kommune for alle.

Også kommunedirektør Anders Norvald Hammer meiner det er viktig at kommunen er med på ei slik markering.

-For oss er det fargerike flagget eit symbol på mangfald, inkludering og likeverd.  

-Dette er verdiar samfunnet vårt må ha fokus på, og dei er også viktige stikkord for kommunen. Haram skal vere ein inkluderande kommune, der vi støttar opp om innbyggarane våre, uansett kjønn, orientering, etnisitet eller religion.

Vi heiar på mangfald og eit fargerikt fellesskap, - lat oss saman bidra til eit trygt samfunn, der alle kan få vere seg sjølv og elske den ein vil.