Problem med vassproduksjon ved Vatne vassverk - kokevarsel til abonnentar

Her finn du meir infomasjon om driftsproblema ved Vatne vassverk, artikkelen vil bli oppdatert når ny informasjon er klar.

Det siste døgnet har Vatne vassverk hatt problem med redusert vassproduksjon. Natt til 23. juli har det også kome misfarga, delvis ubehandla vatn i ledningsnettet.

Med bakgrunn i dette er det sendt ut varsel om at drikkevatn må kokast til alle abonnentar til Vatne vassverk. Vi ber elles om at abonnentar held fram med å ha redusert vassforbruk inntil ny beskjed blir gitt.

Her finn du praktiske råd ved kokevarsel (FHI)

Det er sett i gang arbeid med spyling av råvassleidning og med å få prosessanlegget tilbake i drift.

Abonnentar til Hellestranda vassverk er foreløpig ikkje råka, då deira inntak frå Vatne vassverk vart stengt av på kvelden den 22. juli.

Utlevering av drikkevatn ved Bunnpris Vatne

Vatnet som går ut på leidningsnettet frå Vatne vassverk kan vere misfarga, og vi tilbyr råka abonnentar å hente drikkevatn frå tankbil som står ved Bunnpris Vatne (Vatnevegen 15). Vatnet er likevel trygt å drikke etter koking, om ein følgjer råda frå FHI.

Det er utlevert drikkevatn og vatn til personleg hygiene til Eidet omsorgssenter.

Bruk av vatn til personleg hygiene for sårbare grupper

Personar med nedsett immunforsvar, opne sår eller alvorleg sjukdom bør nytte kokt og avkjølt vatn eller alternativ trygg vasskjelde til personleg hygiene når vatnet kan kome i kontakt med slimhinner eller sår. Ved symptom som diaré, oppkast eller feber bør lege kontaktast.