På tide å søke barnehageplass

Det nye barnehageåret startar 1. august 2025. For å bli med i hovudopptaket med fordeling av plassar, må du ha søkt innan 1. mars.

Bord med raud og kvitruta duk. Barnebøker ligg oppå. - Klikk for stort bilete Haram kommune

Søknader som kjem inn etter fristen, vil bli behandla løpande dersom det er ledige plassar. 

Les meir om korleis du søker barnehageplass og korleis opptaket føregår

Søknad

Det er felles søknad og opptak til både private og kommunale barnehagar. Du må søke elektronisk via Føresettportalen, her må du logge inn med ID-porten. Søknadsskjema finn du under fanen “barnehage”.

Gå til søknad om barnehageplass

Hovudopptaket skjer i starten av mars, og tilbod om plass blir sendt ut i løpet av mars månad.

Longva barnehage

Haram kommune jobbar med å opprette eigen barnehage på Longva. Inntil barnehagen er godkjent, vil den ikkje ligge som eit av alternativa du kan velje i søknadsportalen. 

For å sikre retten til plass, bør du inntil vidare søke i ein av dei andre barnehagane på Nordøyane innan fristen den 1. mars. Søknaden kan endrast heilt fram til fristen går ut, det går også an å søke overflytting dersom godkjenninga kjem etter at fristen for å søke plass er ute.

Når alle godkjenningar for Longva barnehage er i orden, vil vi informere om dette i eiga nyheitssak.

Barnehagetilbodet 

Her finn du oversikt over alle barnehagane i Haram.