
Haram tenestehus
Innbyggarservice og sentralbord
Servicekontoret og sentralbordet er bemanna i vanleg opningstid, måndag - fredag kl 09.00-14.30.
Bibiliotek
Her finn du opningstidene for alle bibiliotekfilialane i sommar
Helsestasjon og helsestasjon for ungdom
Helsestasjonen i Haram er open heile sommaren.
Helsestasjon for ungdom følger skuleruta og er difor ikkje open på torsdagane i sommarferien. Du er velkomen til å ta kontakt på telefon 46 91 75 18 eller 70 20 75 00 (innbyggarservice) for å få ein avtale på dagtid.
Legetenesta
Legekontora kommunen har vanlege opningstider i sommar, men med redusert drift grunna ferieavvikling. Behov for akutthjelp vert prioritert.
Har du allereie timeavtale, vil denne gå som oppsatt.
Takk for at du viser omsyn og tålmod.
- Legevakttenesta er døgnopen, for øyeblikkeleg hjelp - ring 116 117.
- Ved behov for akutt medisinsk naudhjelp - ring 113.
Miljøstasjonar
- Nøsa er stengt i veke 28, 29 og 30.
- Breivika miljøstasjon på Harøya er open kvar onsdag mellom kl 12.00 og 18.00, gjennom heile sommaren.
Her finn du opningstidene til alle miljøstasjonane til Attvin
NAV
NAV Haram har stengt publikumsmottak i veke 29 og 30.
Telefonnummeret til Nav er 55 55 33 33.
Telefontid er kvardagar kl 09.00–15.00. Nav kontaktsenter kan hjelpe deg, eller sette deg i kontakt med Nav-kontoret ditt.
Her finn du kontaktinformasjon og opningstider for NAV Haram
God sommar!