Open dag på integreringsavdelinga

Fredag den 28. november inviterer integreringsavdelinga til open dag i dei nyoppussa lokala sine i Brattvåggata 21.

Fleire vaksne sit i eit klasserom. Ein lærar viser noko på ein skjerm fremt i rommet. - Klikk for stort bileteIntegreringsavdelinga har nyleg flytta inn i nye lokale i Brattvåggata 21

 

Mellom klokka 10.30 og 13.00 kan alle interesserte ta turen innom for å sjå dei nye fasilitetane, møte folk frå mange ulike land og smake på internasjonal mat.

Tenesteleiar Nils Edmund Stråmyr håper at mange vil besøke dei på fredag:

-  Vi har veldig lyst til å vise fram korleis vi har fått det i dei nye lokala, og la folk bli litt meir kjend med oss og kva vi arbeider med i avdelinga vår, seier han. 

-Dei som kjem innom oss får kike seg rundt og treffe både tilsette og deltakarar. Og ikkje minst får dei smake på mat frå ulike delar av verda! 

Velkomen!