Ole André Lukkedal
Privat
Då går han i gang med planlegging og førebuing til ungdomsskulen flyttar inn i januar neste år. Frå august 2025 skal også dei to barneskulane i Tennfjord og på Vatne vere på plass i det nye skulebygget.
- Eg takkar for tilliten og gler meg veldig til å byrje arbeidet med å utforme innhaldet i den nye skulen på Eidet i lag med dei tilsette, seier Ole André. - Å leie ein av dei større grunnskulane i Møre og Romsdal skal verte ei utfordring eg er litt nervøs for, men eg veit at eg ikkje er aleine om oppgåva. Eg får med meg andre flinke leiarar og tilsette, og ikkje minst ei foreldregruppe som ønskjer det beste for barna, ungdommen og lokalmiljøet.
Kommunalsjef for barnehage og skule, Lill-Therese H. Eidsvik, er glad for at ny rektor er på plass.
- Vi er svært fornøgde med at Ole André har takka ja til jobben, og ser fram til det vidare arbeidet med å bygge saman dei tre skulane til ein heilt ny skule på Eidet, seier ho.