Offentleg høyring - lokal forskrift om opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider for alkoholhaldig drikk

Haram kommune inviterer alle interessenter til å delta i høyringa av forslag til den lokale forskriften som fastset opningstider for serveringsstader og sals- og skjenketider i Haram kommune.

Høyringsperiode er til og med 22. oktober 2024.

Formannskapet vedtok i sak 084/24 10.09.2024 å legge ut forslag til forskrift om opningstider for serveringsstader og sals-og sjenketider til offentleg høyring. 

Sett vekk frå endra kommunenamn er forslaget likt forskift vedtatt i fellesperioden med Ålesund kommune sak 27/21, 18.02. 2021

Dokument i saka

Merknader til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast Haram kommune på ein av følgande måtar:

•    Send elektronisk høyring
•    Med post til Haram kommune, Postboks 33, 6282 Brattvåg
•    På e-post til postmottak@haram.kommune.no

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg, ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarleg for høyringa: Kommunedirektøren sin stab

Høyringsfrist: Tysdag, 22. oktober 2024