Nyttårshelsing frå ordføraren

Nordlys over fjell, klar stjernehimmel rundt - Klikk for stort bileteVakkert nordlys over Gamlem og Gamlemsveten 1. januar 2025 Kristin Alvestad

2025 startar som så mange år tidlegare med ruskever, men det veit vi går over. Vi er no i gang med vårt andre år som «ny» kommune, og på same måte som veret, vil det nye året by på ulike utfordringar og opplevingar. Eg har stor tru på at det blir eit godt år!

Året som ligg bak oss har vist at vi har greidd å bygge ein ny organisasjon, - ein organisasjon der både kompetanse og kvalitet er på plass. At vi mellom anna no har tilnærma full dekning av fastlegar, er eg svært tilfreds med.  

Portrettbilde av ann med ordførarkjede rundt halsen - Klikk for stort bileteOrdførar Vebjørn Krogsæter

Dei tilsette i kommunen er den største ressursen vår, anten dei arbeider i barnehage, skule, med vatn og avløp, veg, eldreomsorg eller i andre stillingar. Eg er stolt av det arbeidet som våre tilsette har levert dette første året, og eg ser fram til at vi no skal føre dette vidare.  

Kommunen er til for folket, frå vogge til grav, og dei kommunale tenestene er omfattande og krevjande. At vi har god nok kvalitet i tenestene vi gir, og at vi greier å bruke dei økonomiske og menneskelege ressursane vi rår over best mogleg, er avgjerande for å skape den kommunen vi ønskjer.  

Sjølv om mykje er på plass, har vi også fleire utfordringar å løyse framover. 
Mellom anna veit vi at mange unge kjenner på utanforskap og mangel på meistring både i skule og fritid.  Vi veit óg at det same gjeld for mange vaksne. Dette er alvorleg for kvar enkelt, og det er viktig at kommunen i samarbeid med andre gode krefter i næringslivet og i det frivillige tar tak i dette.  

Vi har, som dei fleste andre kommunar, utfordringar med at vi blir fleire eldre, og færre yngre. Dette vil endre samfunnet vårt, og vi veit at kvar enkelt av oss må vere med å ta ansvar for eigen alderdom. Men dei eldre er óg ein ressurs for samfunnet, og dette er noko eldrerådet vårt ønsker at kommunen skal ha fokus på. Det er eg glad for, og eg støttar dette perspektivet. Eg håper på eit godt samarbeid med ulike pensjonistlag og andre i tida framover, slik at vi saman kan skape bustader og aktivitetar som er attraktive for eldre.  

Næringslivet i Haram melder om stor optimisme, samtidig som ein innan mange næringar opplever at tilgang på arbeidskraft vil vere ei utfordring dei komande åra. Dette er ei utfordring dei private næringsaktørane deler med kommunen. I året som kjem vil vi difor prøve å samle både kommunale krefter og krefter i næringslivet, for å marknadsføre kommunen vår på ein ny og spennande måte. Samarbeid mellom kommune og næringsliv har lang og god tradisjon i Haram, og det er ei prioritert oppgåve å styrke dette vidare.  

Vi har mykje å by på i Haram. Vi har attraktive arbeidsplassar, både privat og kommunalt. Her er gode offentlege tilbod, eit rikt tilbod av fritidsaktivitetar, idrettslaga har gode anlegg, og vi har sjø, fjell og mykje flott natur.  

Om vi saman, på tvers av kommune, næringsliv og frivillige lag og organisasjonar, heiar på kvarandre og fokuserer på alt det positive vi kan skape i lag, legg vi grunnlaget for at 2025 blir eit godt år.  

Eg har stor tru på at kvart enkelt menneske kan vere med og gjere ein forskjell. Dersom vi, trass ulike meiningar, har tillit til at vi vil kvarandre vel, kan vi oppnå mykje.  

Det er kanskje litt naivt, men mitt nyttårsønske og mi helsing til folket i Haram er dette:

Framsnakk naboen din, kollegaen din, og bygda di, - og på ein god dag også nabobygda 😊  
Vi er best når vi gjer dei som er rundt oss gode.


Med dette ønsker eg alle i Haram kommune eit godt nytt år!  

Vebjørn Krogsæter
Ordførar