Nyttårshelsing frå ordføraren

Nyttårshelsing med fyrverkeri og kommunevåpen - Klikk for stort bilete Hilde Beate Ellingsæter

Kjære alle Haramsfolk, og alle andre som les dette.

Vi startar no eit nytt og spennande år, og for meg er spenning eit positivt ord.

Eit år der vi som bur og/eller arbeider i den nye kommunen skal sette retning for utviklinga i kommunen vår.  Det skjer i ei tid med mykje uro, men samtidig i ei tid der store delar av næringslivet vårt har godt med arbeid, og der det er utsikter til økonomisk vekst det neste året.

Mann med dress og politiske pins på kragen - Klikk for stort bileteOrdførar Vebjørn Krogsæter

Eg har tru på at det skal bli eit godt år, og eg møter kvar dag motiverte tilsette i kommunen som gler seg til å kome i gang med arbeidet i den nye organisasjonen. Vi veit alle at det kjem utfordringar, store og små, men det må vi i fellesskap handtere.

Det blir eit spennande år, samtidig blir mykje av det kommunale tenestetilbodet som før. Vi skal drifte barnehagar, grunnskule og omsorgstenester på ein måte som gjer at det vert levert gode tenester for alle. 

For å skape ein god kommune treng vi alle med på laget, dei frivillige laga og organisasjonane er svært verdifulle og vi vil sjølvsagt samhandle med dei for å skape gode tilbod.

Vi vil også gjerne ha innspel og idear frå alle som har engasjement for lokalmiljøet sitt, ta gjerne kontakt direkte med ordførar om du har ein slik ide.

Med ønskje om eit godt år til alle!

Helsing 

Vebjørn Krogsæter 
Ordførar i Haram kommune